Svartafjell og Vidhovda frå Øklandsvegen (27.10.2018)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Hovda (543moh) 27.10.2018
Svartafjell (491moh) 27.10.2018
Vidhovda (591moh) 27.10.2018

Makelaust fin vermelding for helga! Første turen for dagen gjekk frå ein grei P-plass ved Øklandsvegen til Svartafjell, og så til Vidhovda og sekundærtoppen Hovda. Først relativt tungt gjennom myr og gras til hovudtoppen av Svartafjell, med retur via eit anna toppunkt i vest.

På veg mot Svartafjell
På veg mot Svartafjell
Frå oppunder Svartafjell med tilbakeblikk mot Auklandsvatnet. Bakerst dominerer Vidhovda med sekundærtoppen Hovda
Frå oppunder Svartafjell med tilbakeblikk mot Auklandsvatnet. Bakerst dominerer Vidhovda med sekundærtoppen Hovda
På Svartafjell med utsikt mot bl.a. Ølensfjorden og Slettafjellet/Bygdarenuten
På Svartafjell med utsikt mot bl.a. Ølensfjorden og Slettafjellet/Bygdarenuten
Frå Svartafjell mot parkeringa ved Oppheim, med bl.a. Keisarholla og Hest
Frå Svartafjell mot parkeringa ved Oppheim, med bl.a. Keisarholla og Hest
På toppunktet vest for hovudtoppen med utsikt mot Westcon i Ølensvåg
På toppunktet vest for hovudtoppen med utsikt mot Westcon i Ølensvåg
Mot Steinsland og Døldarheia
Mot Steinsland og Døldarheia

Så frå bilen igjen og runda granskogen på sørsida av vegen og til topps på Vidhovda. Ei bratt urd under Hovda var einaste passasjen som krevde litt ekstra. Straks under toppen av Vidhovda såg eg ei vaksen kongeørn som sirkla over toppen; ho vart ikkje var meg før eg gav meg til kjenne. Ho laga ein særeigen lokkelyd som eg aldri har høyrt før. På toppen var det praktfull utsikt, og i ei livdakrå var det beint fram himmelsk å vera på tur. Men etter litt mat og drikke gjekk returen over Hovda i vest og tilbake til bilen.

I oppstigninga mot Vidhovda med tilbakeblikk mot Aukland, Svartafjell og Ølensfjorden
I oppstigninga mot Vidhovda med tilbakeblikk mot Aukland, Svartafjell og Ølensfjorden
Praktfull utsikt over Sandeid frå Vidhovda, rett nok i motlys
Praktfull utsikt over Sandeid frå Vidhovda, rett nok i motlys
På Vidhovda med utsikt mot Døldarheia
På Vidhovda med utsikt mot Døldarheia
Frå Vidhovda mot Helgeland og Fjellstølen
Frå Vidhovda mot Helgeland og Fjellstølen
Frå Vidhovda mot sekundærtoppen Hovda og Ølensfjorden
Frå Vidhovda mot sekundærtoppen Hovda og Ølensfjorden

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.