Higraheia og nabotopper (07.09.2018)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Higraheia (438m) | 07.09.2018 |
---|---|---|
Høgafjellet (260m) | 07.09.2018 | |
Kipeheia (412m) | 07.09.2018 | |
Kyrkjefjellet (455m) | 07.09.2018 | |
Aust for Tagliane (453m) | 07.09.2018 | |
Vinteråsen (229m) | 07.09.2018 |
Gjekk oppover på ein skogsveg mellom Bogstjørna og Sandviktjørna. Skar ut av vegen aust for 390-toppen og gjekk opp på den. Der såg eg at det var traktorveg opp til Kyrkjefjellet som nok kom opp frå Fuglastein. Hadde ikkje planlagt denne turen særlig på forhånd så det blei dermed enklare enn eg hadde trudd. Gjekk vidare austover opp på ein namnlaus topp på 455 m som dermed er same høgde som Kyrkjefjellet. Så vidare til ein spiss topp aust for Økstravatnet. Ein del klyving opp i vestsida, men enklare ned i austsida og så vidare sørover til Higraheia. Runda Erfjordtjørna på vestsida og kom inn på ein skogsveg som førte ned til nordenden av Bogstjørna. Tok så ein tur over Vinteråsen og Høgafjellet nordfrå. Rett på vestsida av toppen av Høgafjelelt er det strekt ein duk mellom trærne og under den ligger ein bokboks. Ikkje så veldig mange namn i boka og heller ingen utprega sti i området. Så ned til Skogsveg langs sørsida av Sandviktjørna og tilbake til utgangspunktet vad Bogstjørna.
User comments