Higraheia og nabotopper (07.09.2018)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Bogstjørna (130m)
Endpoint Bogstjørna (130m)
Characteristic Hike
Duration 7h 30min
Map
Ascents Higraheia (438m) 07.09.2018
Høgafjellet (260m) 07.09.2018
Kipeheia (412m) 07.09.2018
Kyrkjefjellet (455m) 07.09.2018
Aust for Tagliane (453m) 07.09.2018
Vinteråsen (229m) 07.09.2018

Gjekk oppover på ein skogsveg mellom Bogstjørna og Sandviktjørna. Skar ut av vegen aust for 390-toppen og gjekk opp på den. Der såg eg at det var traktorveg opp til Kyrkjefjellet som nok kom opp frå Fuglastein. Hadde ikkje planlagt denne turen særlig på forhånd så det blei dermed enklare enn eg hadde trudd. Gjekk vidare austover opp på ein namnlaus topp på 455 m som dermed er same høgde som Kyrkjefjellet. Så vidare til ein spiss topp aust for Økstravatnet. Ein del klyving opp i vestsida, men enklare ned i austsida og så vidare sørover til Higraheia. Runda Erfjordtjørna på vestsida og kom inn på ein skogsveg som førte ned til nordenden av Bogstjørna. Tok så ein tur over Vinteråsen og Høgafjellet nordfrå. Rett på vestsida av toppen av Høgafjelelt er det strekt ein duk mellom trærne og under den ligger ein bokboks. Ikkje så veldig mange namn i boka og heller ingen utprega sti i området. Så ned til Skogsveg langs sørsida av Sandviktjørna og tilbake til utgangspunktet vad Bogstjørna.

Frå 390-toppen mot Kyrkjefjellet som har traktorveg opp i austsida. Helgafjelelt bak t.v.
Frå 390-toppen mot Kyrkjefjellet som har traktorveg opp i austsida. Helgafjelelt bak t.v.
På toppryggen av Kyrkjefjellet 455.
På toppryggen av Kyrkjefjellet 455.
Fleire toppunkt på Kyrkjefjellet. Her ytterst på sørkanten. Helgafjellet bak t.v.
Fleire toppunkt på Kyrkjefjellet. Her ytterst på sørkanten. Helgafjellet bak t.v.
På 455-toppen aust for Kyrkjefjellet.
På 455-toppen aust for Kyrkjefjellet.
Nordaust mot Higraheia.
Nordaust mot Higraheia.
På den spisse toppen 412 aust for Økstravatnet
På den spisse toppen 412 aust for Økstravatnet
Trigpunktet på toppen av Higraheia 438. Ser NNV mot Lødalsheia i bakgrunnen.
Trigpunktet på toppen av Higraheia 438. Ser NNV mot Lødalsheia i bakgrunnen.
Nordover mot Lovravatnet.
Nordover mot Lovravatnet.
Varde og raud turboks på eit tre på utsiktspunkt på sørkanten av Higraheia.
Varde og raud turboks på eit tre på utsiktspunkt på sørkanten av Higraheia.
Sørover mot Gunlanuten og Herefjellet i bakgrunnen.
Sørover mot Gunlanuten og Herefjellet i bakgrunnen.
Trigpunkt på toppen av Høgafjellet 260.
Trigpunkt på toppen av Høgafjellet 260.
Utsyn over Erfjorden og Sandvika i forgrunnen.
Utsyn over Erfjorden og Sandvika i forgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.