Frå Kolbeinstveit fulgte eg den bratte vegen opp til Nedstastølstjørna som er oppdemt i fbm småkraftverk. Her slutta vegen og eg gjekk langs sørsida av tjørna for å koma inn på den merka stien opp til Midtstølen. Stien var merka med raude pinner, men dei var delvis skjult i høgt gras og stien var stedvis også utydelig. Vidare opp til Vasstølsvatnet var det endå utydeligare sti, men stedvis syntes rester etter ein gammal kjerreveg. Gjekk vidare nordover i terrenget opp til Plomreidnuten. Flott utsyn over Hylsfjorden og Lingvongfossen frå toppområdet. Fleire nokonlunde jamnhøge punkt. Ifølge detaljkart er høgaste topp ca 40 m aust for trigpunktet ved varden.
Gjekk så vidare vestover mot Vatndalsnuten. Opp frå skaret aust for Tveiteskardet traff eg overraskande nok på ein annan turgåer i kveldinga. Det viste seg å vere ohalguns. Han var ute i same ærend som meg men motsatt veg. Etter et kvarters raddel gjekk me vidare kvar vår veg. Han mot Plomreidnuten og eg mot Vatndalsnuten. Denne toppen har ikkje varde, men bare nokre få steiner på toppunktet. Herfrå gjekk eg ned sørsida og nede ved tjørnane aust for Djupadalsvatnet kom eg inn på grei sti som eg fulgte ned til Fornastøl. Så på endå betre sti ned til Langhaug og derfrå grusveg bratt ned til Veka. Til slutt 1,5 km asfaltvandring langs rv 13 tilbake til Kolbeinstveit.
User comments