Plomreidnuten og Vatndalsnuten (05.09.2018)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Kolbeinstveit (78m)
Endpoint Kolbeinstveit (78m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 00min
Map
Ascents Plomreidnuten (875m) 05.09.2018
Vatndalsnuten (993m) 05.09.2018

Frå Kolbeinstveit fulgte eg den bratte vegen opp til Nedstastølstjørna som er oppdemt i fbm småkraftverk. Her slutta vegen og eg gjekk langs sørsida av tjørna for å koma inn på den merka stien opp til Midtstølen. Stien var merka med raude pinner, men dei var delvis skjult i høgt gras og stien var stedvis også utydelig. Vidare opp til Vasstølsvatnet var det endå utydeligare sti, men stedvis syntes rester etter ein gammal kjerreveg. Gjekk vidare nordover i terrenget opp til Plomreidnuten. Flott utsyn over Hylsfjorden og Lingvongfossen frå toppområdet. Fleire nokonlunde jamnhøge punkt. Ifølge detaljkart er høgaste topp ca 40 m aust for trigpunktet ved varden.
Gjekk så vidare vestover mot Vatndalsnuten. Opp frå skaret aust for Tveiteskardet traff eg overraskande nok på ein annan turgåer i kveldinga. Det viste seg å vere ohalguns. Han var ute i same ærend som meg men motsatt veg. Etter et kvarters raddel gjekk me vidare kvar vår veg. Han mot Plomreidnuten og eg mot Vatndalsnuten. Denne toppen har ikkje varde, men bare nokre få steiner på toppunktet. Herfrå gjekk eg ned sørsida og nede ved tjørnane aust for Djupadalsvatnet kom eg inn på grei sti som eg fulgte ned til Fornastøl. Så på endå betre sti ned til Langhaug og derfrå grusveg bratt ned til Veka. Til slutt 1,5 km asfaltvandring langs rv 13 tilbake til Kolbeinstveit.

Skilt t.h. viser 2,7 km frå Kolbeinstveit til Midtstølen.
Skilt t.h. viser 2,7 km frå Kolbeinstveit til Midtstølen.
Nedstastølstjørna 434 som er magasin for småkraft.
Nedstastølstjørna 434 som er magasin for småkraft.
Trimpost på Midtstølen 550 moh.
Trimpost på Midtstølen 550 moh.
Sørenden av Vasstølsvatnet ca 650 moh.
Sørenden av Vasstølsvatnet ca 650 moh.
Litt tungt terreng uten stier i et område uten beitedyr. Plomreidnuten ses i bakgrunnen.
Litt tungt terreng uten stier i et område uten beitedyr. Plomreidnuten ses i bakgrunnen.
Varden på Plomreidnuten står på et lågare platå litt nord for trigpunktet.
Varden på Plomreidnuten står på et lågare platå litt nord for trigpunktet.
Frå trigpunktet mot det 1 m høgare toppunktet ca 40 m lenger aust.
Frå trigpunktet mot det 1 m høgare toppunktet ca 40 m lenger aust.
Trigpunktet er bak varden.
Trigpunktet er bak varden.
Litt av Hylsfjorden og Lingvongfossen på nordsida.
Litt av Hylsfjorden og Lingvongfossen på nordsida.
Toppryggen på Vatndalsnuten sett nordfrå.
Toppryggen på Vatndalsnuten sett nordfrå.
På toppen av Vatndalsnuten. Ser mot nordvest.
På toppen av Vatndalsnuten. Ser mot nordvest.
Sørover frå Vatndalsnuten. Gjekk på sauesti på vestsida av tjørna midt i bildet.
Sørover frå Vatndalsnuten. Gjekk på sauesti på vestsida av tjørna midt i bildet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.