Frå Oddatjørnhytta nedanfor Oddatjørndammen er det kjørbar grusveg til Skreivasskleivane i nordaustenden av Blåsjø. Vegen er stedvis veldig bratt med laust grus men åpen for ferdsel på eige ansvar.
Frå Skreivasskleivane fulgte eg nødla, men ikkje T-merka sti opp til Storsteinheia. Stien går litt nord for toppen og vidare til Krossvatn turisthytte, mens eg gjekk austover ned til Skreppekvelven og opp til Skorpa og 1291-toppen endå lenger aust. Gjekk så ned i Grjotdalen og runda sørenden av Krossvatnet og så nordover til Krossvatn turisthytte. Fekk dermed eit lite gjensyn med denne hytta som eg overnatta på fleire helger for nokre år sidan i fbm vårskiturer i området rundt Snønuten. Så gjekk eg T-stien sørover snaut 2 km og så den umerka nødla stien over Storsteinheia tilbake til Streivasskleivane.
User comments