Romsdalshorn (31.08.2018)
Written by torehum (Tore Humstad)
Ascents | Romsdalshornet (1,550m) | 31.08.2018 |
---|
Det er snart 25 år sidan første turen, og sikkert meir enn ti år sidan sist. No var det på tide med ein ny tur til Romsdalshorn. Denne gangen vart det ein tur etter jobb. Det var ikkje mykje dagslys igjen, så vi måtte skunde oss litt oppover til innsteget. Vi gjorde unna dei to første taulengdene før skumringa seig på. Deretter grei klyving i blåtime og lett tussmørke den siste biten. Ned att neste morgon. Kjekt å treffe på tidlegare Nordfjord-elevar både på veg opp og ned. Samt ein verdsmeister og ein kvadruppel norgesmeister i langrenn på toppen.
User comments