Bukkeholstraversen frå Leirvassbu (01.08.2018)  5

Written by KnutStorvik (Knut Storvik)

Start point Leirvassbu (1,403m)
Endpoint Geitsætre (1,000m)
Characteristic Hillwalk
Duration 13h 00min
Distance 23.0km
Vertical meters 1,448m
Map
Ascents Midtre Bukkeholstinden Vest (2,135m) 01.08.2018
Midtre Bukkeholstinden Øst (2,154m) 01.08.2018
Store Bukkeholstinden (2,213m) 01.08.2018
Søre Bukkeholstinden (2,058m) 01.08.2018
Vest for Søre Bukkeholstinden (2,015m) 01.08.2018
Bukkeholstinden V1 (2,166m) 01.08.2018
Bukkeholstinden V2 (2,166m) 01.08.2018
Bukkeholstinden V4 (2,166m) 01.08.2018
Bukkehøe (2,314m) 01.08.2018
Bukkehøe N2 (2,078m) 01.08.2018
Nørdre Bukkehøe (2,100m) 01.08.2018

Det var meldt fint vær og gode tørre forhold, så onsdag 1. august la vi ut på ein lang tur på Bukkeholstraversen. Vi kjørte to biler, og sette igjen den eine bilen ved Geitsætre før vi kjørte den andre inn til Leirvassbu. Det var vi veldig glad for etterpå, for det ville blitt svært langt å gå frå Geitsætre til Leirassbu etterpå (ein kan sjølvsagt satse på haik....).

Her ser vi mot Søre Bukkeholstinden og vi gjekk opp omtrent rett på der den lyse grusen er.
Her ser vi mot Søre Bukkeholstinden og vi gjekk opp omtrent rett på der den lyse grusen er.
Når ein kjem oppå er det ein heilt fantastisk utsikt. Langt borti der ser ein Bukkehøe.
Når ein kjem oppå er det ein heilt fantastisk utsikt. Langt borti der ser ein Bukkehøe.

Frå Leirvassbu gjekk vi inn stigen mot Spiterstulen, men tok til venstre inn mot bunnen av Søre Bukkeholstinden. Da vi gjekk var bekken Tverrbyttna delvis stor som følge av bresmelting, men det gjekk greit å komme seg over.

Stigninga opp mot Søre Bukkeholdstinden er rett og slett kjei. Det er 500 høgdemetre rett opp, men slitet betaler seg når ein kjem oppå. Da venter ein heilt fantastisk ryggtravers bortover og mange timer med moro! Det er nokre luftige partiar i starten, men ikkje meir enn at dei aller fleste klarer det. Ved ein hammer etter start måtte vi gå rundt, ellers går det meste greit. Dersom ein ikkje vil klyve altfor for mykje er det fleire moglegheiter for å gå litt ned og rundt. Dette må den enkelte kjenne på.

Det er stort sett greit å gå bortover eggen - utsikten er det ingenting å si på
Det er stort sett greit å gå bortover eggen - utsikten er det ingenting å si på
Toppen av Store Bukkeholstinden
Toppen av Store Bukkeholstinden

Å vandre bortover ryggen og skue mot Bukkehøe etterkvart er berre heilt magisk. Det blir bre på begge sider, og den kvite fargen og utsikten gjer at det som ser milelangt ut går relativt fort. Vi var heldige med tørt underlag og godt vær, men dette er ikkje ein tur ein legg ut på uten nok vann, mat, og utstyr!

Som sagt er det ikkje dei aller største utfordringane med klyving (greit med grunnleggende klatrekunnskaper), men etappen er lang, og det er heilt nødvendig å være i god fysisk form. Eggen over Vakkerbandet var spesielt kul, og det var med stoltheit at vi nådde Bukkehøe.

Utsikt sørøstover over Bukkeholstindane
Utsikt sørøstover over Bukkeholstindane
Vi var glade for at vi hadde stegjern nedover fra Bukkehøe på blåisen mot Nørdre Bukkehøe
Vi var glade for at vi hadde stegjern nedover fra Bukkehøe på blåisen mot Nørdre Bukkehøe

På forhånd hadde vi spurt oss litt fram, og bestemte oss for å ta med stegjern. Det fekk vi glede av da vi skulle ned frå Bukkehøe på blåisen (lite snø da vi var der) som går ned frå Bukkehøe retning mot Nørdre Bukkehøe.

Vegen ned frå Nørdre Bukkehøe via Svarttinden går greit, men ei rekordstor Søre Illåe førte til at oss fekk ein ekstratur på nokre kilometer da vi skulle krysse elva. Vi måtte nesten heilt inn til brekanten av Søre Illåbreen for å krysse elva.

Bukkehøe i enden sett frå Nørdre Bukkehøe.
Bukkehøe i enden sett frå Nørdre Bukkehøe.
Ruta vår med start på Leirvassbu og mål ved Geitsætre.
Ruta vår med start på Leirvassbu og mål ved Geitsætre.

Det vart seint, men heldigvis rakk vi ned til bilen før det vart bekmørkt. Vi brukte 13 timar med brukbare pauser på nokre av toppane. Anbefaler turen, men start tidlig, sørg for at det er gode forhold, og ha med nok vann, mat og utstyr! God tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.