Snøhetta (01.08.2018)

Written by MaMaas (marita Måseidvåg)

Start point Snøheim
Endpoint Snøheim
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 00min
Distance 22.0km
Map
Ascents Snøhetta (2,286m) 01.08.2018
Snøhetta Midttoppen (2,278m) 01.08.2018
Snøhetta Vesttoppen (2,253m) 01.08.2018

Flott tur på Dovrefjell i dag.
Vi parkerte bubilen ved Hjerkinnhus, der skyssbussen inn til Snøheim startet. Det er ikkje lov å ta seg inn til Snøheim på andre måter enn med skyssbussen på denne tida, pga trekket til villreinen i området. Den første bussen vart full før vi fekk plass, måtte difor vente til avgang nr.to denne morgonen.
Det vart tre toppar over 2000 meter i dag; Stortoppen 2286, Midttoppen 2278 og til slutt Vesttoppen 2253 moh. Det vart 3 nye på Einar og 2 nye på meg, sidan eg var på Stortoppen i 1984. Klassetur siste året på videregåande, Fagerlia Gymnas.
Turen vart på 22 km, vi var på tur i 9 timar. Fantastisk utsikt. I morgon vert det ein restitusjonsdag før ein ny lang tur i Rondane på fredag den 03.08.

Her har vi krysset elva. Fortsatt shortsvær, men skodda kom sigande.

Fått på oss meir kle og fortsatt oppover i steinura. Sola titta fram frå skyene nede i dalen.

Vi passerte Stortoppen utan å ta bilder og gjekk rett ut mot Midttoppen. Godt å ha raude merker å følge i steinen....

Ned frå ura fekk vi dette synet....så stilig...

Der borte er Midttoppen på 2286 moh.
Der borte er Midttoppen på 2286 moh.
Her vi på toppen. Dei som er bak oss har gått videre på egga. Vi snudde her og gjekk tilbake til Stortoppen.

Såååå glad for dei raude "prikkane". Var ganske tøft å klyve opp, ned, bak over store steinar og blokker på denne avstikkaren.

Her er vi tilbake på Stortoppen, 2287 moh.

Her er Einar på Stortoppen. I skodda bak ligg Midttoppen og toppen til venstre er Vest toppen, 2253 moh. Planen vår er å gå ned att til elva på ca 1630 moh, krysse den og så gå opp att til Vest toppen....

Der nede ligg vatnet og elva som må kryssast....

....for så å gå opp langs den kanten ein ser der borte.... forbi snøen og opp på toppen.

Her har vi kommet oss over elva. Ikkje heilt tørrskodd, men over kom vi. Bak meg ser ein både varden på Stortoppen, Midttoppen og Vest toppen som er vårt mål når vi straks tek til på motbakke på nytt......

Oppe på første "kneika".....det vart ein seig motbakke....

Der oppe er topp 3 i dag.....Vesttoppen.

....men kom oss opp på den siste og 3.totuusenmetringen i dag!!!!!

Og blir belønnet med dette nyyyydelige synet!!

Sliten, men oie glad jente :O)
Sliten, men oie glad jente :O)
Einar tek eit godt tak i meg (....eg har "eit snev av" krystallsjuke). Bak oss ser ein vatnet der vi kryssa elva og heile ryggen vi kom opp....og snart skal gå ned igjen....

Vi hadde litt tidspress på oss på returen. Vi MÅTTE rekke siste bussen frå Snøheim......

Einar ser tilbake på dagens "fangst" ;O)

Vi er på veg til Snøheim.....
Vi er på veg til Snøheim.....
Var glad då eg såg at vi hadde brukbar tid til bussen.

Bilde av kartet der ein ser kvar vi har gått.

Fornøgd gut ventar på bussen :O)
Fornøgd gut ventar på bussen :O)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.