Flott tur på Dovrefjell i dag.
Vi parkerte bubilen ved Hjerkinnhus, der skyssbussen inn til Snøheim startet. Det er ikkje lov å ta seg inn til Snøheim på andre måter enn med skyssbussen på denne tida, pga trekket til villreinen i området. Den første bussen vart full før vi fekk plass, måtte difor vente til avgang nr.to denne morgonen.
Det vart tre toppar over 2000 meter i dag; Stortoppen 2286, Midttoppen 2278 og til slutt Vesttoppen 2253 moh. Det vart 3 nye på Einar og 2 nye på meg, sidan eg var på Stortoppen i 1984. Klassetur siste året på videregåande, Fagerlia Gymnas.
Turen vart på 22 km, vi var på tur i 9 timar. Fantastisk utsikt. I morgon vert det ein restitusjonsdag før ein ny lang tur i Rondane på fredag den 03.08.
Her er Einar på Stortoppen. I skodda bak ligg Midttoppen og toppen til venstre er Vest toppen, 2253 moh. Planen vår er å gå ned att til elva på ca 1630 moh, krysse den og så gå opp att til Vest toppen....
Her har vi kommet oss over elva. Ikkje heilt tørrskodd, men over kom vi. Bak meg ser ein både varden på Stortoppen, Midttoppen og Vest toppen som er vårt mål når vi straks tek til på motbakke på nytt......
Einar tek eit godt tak i meg (....eg har "eit snev av" krystallsjuke). Bak oss ser ein vatnet der vi kryssa elva og heile ryggen vi kom opp....og snart skal gå ned igjen....
Kommentarer