Podgorica (03.08.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 0h 36min
Distance 2.3km
Vertical meters 95m
GPS
Ascents Malo Brdo (195m) 03.08.2018 13:06
Visits of other PBEs Podgorica 03.08.2018 12:46
På Malo Brdo
På Malo Brdo

Fredag vakna vi til gråvêr i Zabljak, så etter frukost drog vi rett av sted. Vi hadde bestilt hotell i Utjeha på kysten, men hadde tenkt oss innom hovudstaden Podgorica ein tur fysst. Bilturen til Podgorica var ganske kjedeleg, og det å køyre bil i hovudstaden var heller ikkje spesielt morosamt, sjølv om det ikkje er nokon utprega storby. Kristine hadde funne ein topp vi skulle på, Malo Brdo, heilt nord i byen. Vi køyrde opp eit bustadområde og fann ei parkering. Kort tur opp til toppen, fysst på bilveg, så på traktorveg. Nede at i bilen satt det inn eit valdsamt regnvêr. Det var nesten så ein ikkje såg vegen framfor bilen. Vi fann ikkje særleg mykje å ta oss til i Podgorica, så vi drog vidare til Utjeha. Det var ein strålande flott plass. Vakker kystlinje, varmt badevatn, flott hotell og god mat.

På Malo Brdo
På Malo Brdo
På Malo Brdo
På Malo Brdo
I Utjeha

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.