Dubrovnik og Trebinje (01.08.2018)

Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Turlengde 1t 04min
Distanse 3,5km
Høydemeter 119m
GPS
Bestigninger Fort Royal (85moh) 01.08.2018 12:00
Crkvina (405moh) 01.08.2018 17:28
Fort Royal på Lokrum
Fort Royal på Lokrum

Onsdag skulle vi vidare, Zabljak i Montenegro var neste destinasjon. Fysst drog vi til Dubrovnik, kor vi gjekk litt i gamlebyen før vi drog ut til øya Lokrum. Der gjekk vi fysst opp til borgen Fort Royal, som er høgaste punkt på øya, på om lag 85 moh. Til trass for den lave høgda, og dei få høgdemetrane, var det ein tung tur i den kolossale varmen.

I gamlebyen i Dubrovnik
I gamlebyen i Dubrovnik
I gamlebyen i Dubrovnik
I gamlebyen i Dubrovnik

Etter toppturen låg vi litt ved vasskanten, før vi tok båten attende til Dubrovnik. Der hadde eg eigentleg lysst til å vitje bymurane, men den uuthaldelege varmen gjorde så vi ikkje orka, og vi drog rett vidare. Fysst var vi innom Bosnia. Vi stoppa i Trebinje og handla litt, veldig billeg i Bosnia.

På Fort Royal på Lokrum
På Fort Royal på Lokrum
Dubrovnik frå Fort Royal på Lokrum
Dubrovnik frå Fort Royal på Lokrum

Etter handleturen hadde vi tenkt oss opp på toppen Kravica, som er på 801 moh. og har 190-200 meter i primærfaktor. Det var teikna inn råk opp dit, det var nokon lunde greitt å følgje, men ganske så attvokse av kratt. Vi rota ein plass, der råket svinga tidlegare i verkelegheita enn på kartet. Der råket svingar til venstre att, og sporet vårt stoppar, såg eg ein halvlang, grå slange. Dette satt ein støkk i oss, då vi ikkje likar slangar, og ikkje har særleg kunnskap om slangane på Balkan og vi hadde berre lågsko på oss. Vi diskuterte ei liten stund, og vi kom fram til at vi ikkje ville gå vidare i krattet, så vi snudde. På veg ned såg vi enda ein slange, denne var kortare og brun. Ikkje spesielt triveleg, og vi var glade når vi var nede at på vegen. Litt surt å ikkje komme på toppen, men vi likar ikkje slangar, så vi angrar ikkje.

Utsikt frå råket mot Kravica
Utsikt frå råket mot Kravica
Kyrkja på Crkvina
Kyrkja på Crkvina

Etter hadde vi fortfarande lyst på ein topp, så Kristine fann Crkvina i Trebinje. Dit var det bilveg opp. Ein fin topp med ei flott kyrkje på toppen, og ein fin restaurant, som diverre ikkje hadde spesielt god mat. På denne toppen møtte vi ikkje nokon slangar. Vidare derifrå køyrde vi til Zabljak i Montenegro. Plan der var eigentleg å gå på Bobotov Kuk, men vêrmeldinga var ikkje lovande.

Crkvina
Crkvina
Utsikt frå Crkvina
Utsikt frå Crkvina
Utsikt frå Crkvina
Utsikt frå Crkvina
Crkvina
Crkvina

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.