Sunndal: Skarfjellet (20.07.2018)
Written by boven (Ove Lotsberg)
Start point | Dalen (260m) |
---|---|
Endpoint | Dalen (260m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 5h 10min |
Distance | 13.4km |
Vertical meters | 1,584m |
GPS |
Ascents | Skarfjellet (1,790m) | 20.07.2018 |
---|
Møre og Romsdal pf 100 1151/1161
Skarfjellet vart dagens turmål etter litt grubling. Meldt regn og torever på ettermiddagen så dette fekk halde. Parkerte på Dalen, mykje bilar og storutfart mot Innerdalen. Eg tok av og gjekk først på vei og så veldig god sti forbi Virumsætra. Gjekk til ca 750 moh før eg tok av bratt opp sida. Her låg det skodde, så det var umuleg å planlegge noko. Prøvde lese kartet på GPS, men med det terrenget her er kan ein lett tabbe seg ut. Etter kvart kom eg over skodda og skimta ei dominerande renne framfor meg. Når eg kom opp på kanten fekk eg Jutulgubben midt imot meg. Så tok eg til høgre inn i sida, her er det merka med litt vardar eit stykke. Måtte til med klyving 2 parti før eg kom opp på kanten. Desse kan sikkert omgåast om ein leitar litt. Så lett til topps, godt over skodda i dag heldigvis. Austover såg det veldig tungt ut med tunge mørke skyer. Brukte difor ikkje for lang tid før eg returnerte. Nokre minutt etter at eg sette meg i bilen kom regndråpane.
User comments
Runde?
Written by kobbenes 21.07.2018 19:56Du var ikkje freista til å stikke bortom nabotoppane?
Sv: Runde?
Written by boven 21.07.2018 20:38Det var opprinneleg planen. Men fare for regn og torever, tung i beina osv. Lett valg i dag. Trollaområdet 3 toppar blir frå Sunndalssida no.
Sv: Sv: Runde?
Written by kobbenes 21.07.2018 21:36godt val, ingen god stad å vere i torevær. enjoy, gledar meg til turrapport! kjenner eg deg rett tar du heile driten uten tau ;-)