Sunndal: Skarfjellet (20.07.2018)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Dalen (260moh)
Sluttsted Dalen (260moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 10min
Distanse 13,4km
Høydemeter 1584m
GPS
Bestigninger Skarfjellet (1790moh) 20.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1151/1161

Skarfjellet vart dagens turmål etter litt grubling. Meldt regn og torever på ettermiddagen så dette fekk halde. Parkerte på Dalen, mykje bilar og storutfart mot Innerdalen. Eg tok av og gjekk først på vei og så veldig god sti forbi Virumsætra. Gjekk til ca 750 moh før eg tok av bratt opp sida. Her låg det skodde, så det var umuleg å planlegge noko. Prøvde lese kartet på GPS, men med det terrenget her er kan ein lett tabbe seg ut. Etter kvart kom eg over skodda og skimta ei dominerande renne framfor meg. Når eg kom opp på kanten fekk eg Jutulgubben midt imot meg. Så tok eg til høgre inn i sida, her er det merka med litt vardar eit stykke. Måtte til med klyving 2 parti før eg kom opp på kanten. Desse kan sikkert omgåast om ein leitar litt. Så lett til topps, godt over skodda i dag heldigvis. Austover såg det veldig tungt ut med tunge mørke skyer. Brukte difor ikkje for lang tid før eg returnerte. Nokre minutt etter at eg sette meg i bilen kom regndråpane.

Mot Trollatoppane
Mot Trollatoppane
Kongskrona og Dronningkrona
Kongskrona og Dronningkrona
Austover frå Skarfjellet
Austover frå Skarfjellet
Innerdalstårnet til venstre
Innerdalstårnet til venstre
Jutulgubben
Jutulgubben

Kommentarer

  • -
    avatar

    Runde?

    Skrevet av kobbenes 21.07.2018 19:56

    Du var ikkje freista til å stikke bortom nabotoppane?

    • -
      avatar

      Sv: Runde?

      Skrevet av boven 21.07.2018 20:38

      Det var opprinneleg planen. Men fare for regn og torever, tung i beina osv. Lett valg i dag. Trollaområdet 3 toppar blir frå Sunndalssida no.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Runde?

        Skrevet av kobbenes 21.07.2018 21:36
Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.