UTM-rutetur med Søtefjellet som bonustopp (11.07.2018)
Written by mariusmeland (Marius Meland)
Ascents | Søtefjellet (767m) | 11.07.2018 15:55 |
---|
På denne turen til Søtefjellet i Os vart det samla inn 5 nye UTM-ruter (som var hovudføremålet med turen). No manglar det berre cirka 10 av totalt cirka 450 ruter i Bergen før dette prosjektet er komplett.
Det var godt og varmt, og slitsomt oppover når temperaturen ligg på kring 25 pluss. 1,5 liter vatn var for lite, men det gjekk greitt å fylle på ein plass, i eit elles tørt elveleie.
Klokka slutte å logge på tur ned, då logga eg resten av turen med Peakbook-appen, slik at det totalt blir 10,9 km.
User comments
UTM-rutetur?
Written by knutsverre 12.07.2018 09:10Kan du forklare hva en UTM rutetur går ut på?
Sv: UTM-rutetur?
Written by mortenh 12.07.2018 09:26Hvis du tenker deg godt om, og ser for deg et godt gammelt papirkart med sort eller blått rutenett, så går det nok opp et lys :-)
Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by knutsverre 12.07.2018 09:44OK, kjenner til UTM rutene, men er målet bare å være innom en slik rute, i senter eller gå hele hele ruten i firkant?
Sv: Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by mortenh 12.07.2018 11:02Vi får vente på fasiten, men jeg tipper det er snakk om å være innom alle rutene. Å gå alle rutene i firkant er vel i praksis umulig.
Sv: UTM-rutetur?
Written by mariusmeland 12.07.2018 19:53He he, ante at den overskrifta ville skape nysgjerrighet :)
Det er så enkelt som å berre vere innom alle rutene ja. Det var noko eg begynte med då eg budde i Bergen. Målet var å besøke alle UTM-ruter på fastlandet i Bergen kommune (minus dei som er heilt dekt av innsjø, hav o.l.). Litt nerdete, men så får ein eit fint påskudd til å finne nye område ein gjerne elles ikkje hadde vurdert å gå i.
Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by mariusmeland 12.07.2018 19:58Kan elles legge til at det er gjeldande UTM-sone eg går ut frå, dvs for Bergen sin del UTM 32.
Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by knutsverre 12.07.2018 20:00Takk for svar, Marius! Noe spesielt, ja. Når du befinner deg i et "kryss" kan du jo bare gå i en sirkel med feks 5 m diameter så har du vært innom 4 UTM ruter! Er du den eneste i Norge med dette samleområdet? Det finnes vel ikke noen liste på PB, regner jeg med...
Sv: Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by mariusmeland 12.07.2018 20:25Hei Knut Sverre, i teorien kan du faktisk gå innom 4 UTM-ruter på den måten du beskriv. Stort sett har eg likevel gått litt meir innom slike ruter, særleg der det er litt ting som er interessant å sjå. I praksis må du i mange tilfelle bevege deg godt innom fleire ruter for å kome til ein plass der du ikkje har vore før.
Foreløpig er det berre Bergen og Lillehammer eg har gjort det med. Spesielt i Bergen og andre tettbebygde kommunar er det enkelt. Det er forholdsvis få UTM-ruter i Bergen der ein må gå for å kome fram, og der ein elles ikkje har vore før.
For meir grisgrendte kommunar og fjellområde ser eg for meg at dette er litt meir utfordrande...
Eg har prøvd å google litt, og eg veit ikkje om andre som driv med noko slikt, nei. Sikkert ikkje så enkelt å lage liste på PB med dette, vil eg tru...
Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by SturlaS 12.07.2018 20:01Det er vel ikke så veldig nerdete i forhold til ande ting som foregår blant oss.. ;-)
Er det 1 km-ruter som gjelder?
Sv: Sv: Sv: UTM-rutetur?
Written by mariusmeland 12.07.2018 20:26Jepp, det er 1 km-ruter!