Snønipa/kald teltnatt! = Eksotisk naturopplevelse... (03.02.2018)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Høyset (339m) |
---|---|
Endpoint | Høyset (331m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Duration | 23h 36min |
Distance | 21.5km |
Vertical meters | 1,709m |
GPS |
Ascents | Snønipa (1,826m) | 03.02.2018 |
---|
Denne helga var det meldt strålande ver og omtrent vindstille på toppane! Då er det fint å gjere litt ekstra ut av naturlivet. Hadde nett snakka med Joar, og då den vanlege, gode oppsumerande fjellpraten fjernt og nært! Ver og føreforhold... Vinterturane på breane her i Jølster, melder seg ilag med godveret. Så eg ytra min plan om Snønipa og hyggelig er det alltid når fleire dukker opp på tur.
Det vart rett ifrå jobb og pakke til ei vintertelting inne ved Snønipa og Haugabreen. Det var unnagjort på ein time. Kjekt å starte turen med litt dagslys. Var litt spent om det var trakka spor oppover mot Haugadalen. Dei spora måtte eg sette sjølv! Sekken var tung, men det var fort gløymt ved den totale stilla som var her i Haugadalen. Det var stjernehimmelen, konturane av dei høgreiste fjella tett rundt, glitrande snøkrystaller framom skia. Konsentrasjonen og tankane for skred undervegs i mørket lengre oppe i dalen. Der eg veit at skreda går og som gjekk i løpet av døgnet!
Fantastisk fint var det å krype i soveposen ved Haugastøylane den kvelden. Lytte til elva som sildra til tross for kulda og snømengda! For så å glede seg til turen opp breen mot Snønipa neste morgon.
Det vart litt lite søvn den natta ilag med kulda! Utstyret kan eg ikkje klage på, men det vil på ingen måte seie at eg ikkje hadde det fint :) Nesten ein fullmåne denne natta sørga for dagslys i Haugadalen og eit flott syn oppover mot breen.
Litt trøtt i fjeset og etter nokre halvfrosne skiver med brunost til frukost, luffa eg oppover mot Haugabreen. Vel inne på breen såg eg tilbake at fleire kom etter på tur. Lenge såg det ut til å være to personer. Men brått var der tre og ingen tvil lengre, då det kjente ganglaget til Joar innhenta raskare høgdemeter! Det vart ein utruleg kjekk dag med mange trivelige mot toppen!
Mot Kvannefjellet Nord 1712 moh Gode minner dukker fram ifrå ein fantastisk fottur til den siste Jølstertoppen! Kjekt er det også å sjå terrenget i dei ulike årstidene...
https://peakbook.org/tour/181004/Kvannefjellet+1712+-+Siste+100+Pf+Jølster.html
User comments