Siste dag i november og nydelege forhold på alle vis. Nok snø, pudder og silkeføre, blå himmel, stjerneklart, stille og nesten ein fullmåne. Arbeidsdagen min starta med skitur og det vart ein stor opplevelse! Dagen den fortsatte vidare med tidenes ski eventyr, og inn i det eg synast er ei av dei vakraste perlene i Jølster. Vi fekk kveldslyset, ein ildrød solnedgang, stjerneskudd over himmelen, ei tydelig karlsvogn og måneskinnet til toppen. Ingen av oss hadde hast med tida, det var berre å nyte øyeblikket! Det vart tidenes lengste hærlege nedrenn og tur ut Ålhusdalen ifrå Syskarnipa, i den aller finaste snøen. Det varte og det varte...
Takk for fin tur Brit Siv F https://www.youtube.com/watch?v=J6ZWlDks0nQ
User comments