Kom til Ytre Bordvika og såg skiltet mot Vardheia. Stien startar gjennom eit gardstun, parkering var fristande på andre sida av vegen. Ringde på og spurde kona i huset om å parkere. Det var greitt sidan mannen på andre sida ikkje kom frå arbeid før utpå dagen. Greitt å spørje her om parkering når det ligg så inntil husa. 3 unge jenter starta samtidig som meg. Dei hadde Hyllestad sine 18 trimpostar som mål. Denne var med på lista sjølv om toppen ligg i Fjaler, mestaparten av turen går i Hyllestad. Først over marka og forbi gardfjøsen, så på god sti/merking til topps. Veldig vått over nokre myrar. Dette viste jentene om og hadde skodd seg med gummistøvlar!Likavel ein fin og enkel tur.
User comments