Tur til Rendalen - Rendalssølen (19.07.2017)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Nordre Sølen (1,699m) | 19.07.2017 13:24 |
---|---|---|
Midtre Sølen N1 (1,510m) | 19.07.2017 14:15 | |
Midtre Sølen (1,755m) | 19.07.2017 15:02 | |
Midtre Sølen S1 (1,682m) | 19.07.2017 15:41 | |
Søre Sølen (1,688m) | 19.07.2017 17:48 |
Rendalssølen
Nordre Sølen
Onsdag morgon vakna vi opp til lavt skydekke, vind og litt kaldt vêr. Etter frukost i bilen, det var for mykje mygg til å sitja ute, sykla vi i vegen til Sølenhytta. Der gjekk vi over brua litt nord for hytta, før vi følgde råket oppover. Råket forsvann omtrent på tregrensa, så vi gjekk i lyngen til vi kom opp på råket mellom Åkerådalen og Sølenskardet. Dette følgde vi nordover i nokre meter, før vi gjekk rett opp på Nordre Sølen. På Nordre hadde skodda letta, og vi fikk litt utsikt, men det var framleis kaldt vêr. Difor gjekk vi raskt vidare mot Midtre.
Midtre Sølen
Nede i skaret mellom dei to bygde vi ein varde på den vesle toppen på veg opp mot Midtre. Vi følgde ryggen opp mot Midtre, der var det litt morosam småklyving. Vêret starta å bli riktig bra, og oppe på toppen kunne vi ta ein lengre rast. På veg ned til Sølenskardet gjekk vi oppom Sølen S1.
Søre Sølen
Oppstigninga til Søre var ganske dryg og tung, men det gjekk greitt. Vi gjekk nordvestryggen ned att frå Søre, den var temmeleg bratt og laus dei første 300 høgdemetrane, så det gjekk sakte ned att. Vi kom etterkvart inn på råket mot Åkerådalen igjen, dette følgde vi ein stund, før vi fann at råket til Sølenhytta. Der var det godt å kunne sykle attende til Nysætra i staden for å gå. Ein lang tur, i etterkvar veldig flott vêr. Ein veldig flott tur.
User comments