Tur til Rendalen - Rendalssølen (19.07.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 10h 09min
Distance 27.2km
Vertical meters 1,838m
GPS
Ascents Nordre Sølen (1,699m) 19.07.2017 13:24
Midtre Sølen N1 (1,510m) 19.07.2017 14:15
Midtre Sølen (1,755m) 19.07.2017 15:02
Midtre Sølen S1 (1,682m) 19.07.2017 15:41
Søre Sølen (1,688m) 19.07.2017 17:48

Rendalssølen

Sølen om kvelden, frå Nysætra
Sølen om kvelden, frå Nysætra

Nordre Sølen

På veg opp mot Nordre
På veg opp mot Nordre
På Nordre Sølen
På Nordre Sølen

Onsdag morgon vakna vi opp til lavt skydekke, vind og litt kaldt vêr. Etter frukost i bilen, det var for mykje mygg til å sitja ute, sykla vi i vegen til Sølenhytta. Der gjekk vi over brua litt nord for hytta, før vi følgde råket oppover. Råket forsvann omtrent på tregrensa, så vi gjekk i lyngen til vi kom opp på råket mellom Åkerådalen og Sølenskardet. Dette følgde vi nordover i nokre meter, før vi gjekk rett opp på Nordre Sølen. På Nordre hadde skodda letta, og vi fikk litt utsikt, men det var framleis kaldt vêr. Difor gjekk vi raskt vidare mot Midtre.

Brua ved Sølenhytta
Brua ved Sølenhytta
Søre Sølen tidleg på turen
Søre Sølen tidleg på turen

Midtre Sølen

På Sølen N1
På Sølen N1
På Midtre Sølen, med Nordre bak
På Midtre Sølen, med Nordre bak

Nede i skaret mellom dei to bygde vi ein varde på den vesle toppen på veg opp mot Midtre. Vi følgde ryggen opp mot Midtre, der var det litt morosam småklyving. Vêret starta å bli riktig bra, og oppe på toppen kunne vi ta ein lengre rast. På veg ned til Sølenskardet gjekk vi oppom Sølen S1.

På veg ned frå Nordre, mot Midtre
På veg ned frå Nordre, mot Midtre
På Sølen S1, mot Midtre
På Sølen S1, mot Midtre

Søre Sølen

Nordre og Midtre Sølen frå Søre
Nordre og Midtre Sølen frå Søre

Oppstigninga til Søre var ganske dryg og tung, men det gjekk greitt. Vi gjekk nordvestryggen ned att frå Søre, den var temmeleg bratt og laus dei første 300 høgdemetrane, så det gjekk sakte ned att. Vi kom etterkvart inn på råket mot Åkerådalen igjen, dette følgde vi ein stund, før vi fann at råket til Sølenhytta. Der var det godt å kunne sykle attende til Nysætra i staden for å gå. Ein lang tur, i etterkvar veldig flott vêr. Ein veldig flott tur.

Skardtjønna, vatnet i mellom Midtre og Søre Sølen
Skardtjønna, vatnet i mellom Midtre og Søre Sølen
Tilbake mot Søre Sølen
Tilbake mot Søre Sølen
Midtre og Søre Sølen frå Sølenhytta
Midtre og Søre Sølen frå Sølenhytta

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.