Staurinibba og Sundshyrna (14.07.2017)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Hoven (1,000m)
Endpoint Gjørva (26m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 49min
Distance 13.5km
Vertical meters 753m
GPS
Ascents Hoven (1,011m) 14.07.2017 14:21
Staurinibba (1,379m) 14.07.2017 15:28
Sundshyrna (1,431m) 14.07.2017 17:03

Fin tur med Henning frå toppstasjonen av ny gondol i Loen.

God sti opp til Staurinibba. Mange folk her, truleg har toppen fått ein kraftig auke i popularitet som følgje av gondolen.

Så gjekk turen vidare til Sundshyrna. Her er det ikkje sti. Det var mykje snø, og litt tungt å gå oppover. Såg austover mot Storskredfjellet, her er det gode muligheter for å fortsetje tinderangling med fleire toppar mot Storskredfjellet.

Fint på toppen av Sundshyrna, før turen gjekk vidare nedover mot Strynedalen. I overkant av Lundesetra, kring 800 m.o.h., kom vi inn på stien Stauri - Staurinibba.

Turen enda på Gjørva i Strynedalen, underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen.

Her er vi på veg opp mot Staurinibba. Øvre stasjon for den nye gondolen i Loen er å finne midt i bildet.
Her er vi på veg opp mot Staurinibba. Øvre stasjon for den nye gondolen i Loen er å finne midt i bildet.
Frå Staurinibba ser vi mot dagens neste turmål, Sundshyrna
Frå Staurinibba ser vi mot dagens neste turmål, Sundshyrna
På veg ned frå Sundshyrna passerer vi Lundebotn.
På veg ned frå Sundshyrna passerer vi Lundebotn.
På veg ned frå Sundshyrna ser vi nedover Strynedalen. Underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen er å finne  blant gardane som ligg lengst til høgre.
På veg ned frå Sundshyrna ser vi nedover Strynedalen. Underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen er å finne blant gardane som ligg lengst til høgre.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.