Staurinibba og Sundshyrna (14.07.2017)
Skrevet av mariusmeland (Marius Meland)
Startsted | Hoven (1000moh) |
---|---|
Sluttsted | Gjørva (26moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 6t 49min |
Distanse | 13,5km |
Høydemeter | 753m |
GPS |
Bestigninger | Hoven (1011moh) | 14.07.2017 14:21 |
---|---|---|
Staurinibba (1379moh) | 14.07.2017 15:28 | |
Sundshyrna (1431moh) | 14.07.2017 17:03 |
Fin tur med Henning frå toppstasjonen av ny gondol i Loen.
God sti opp til Staurinibba. Mange folk her, truleg har toppen fått ein kraftig auke i popularitet som følgje av gondolen.
Så gjekk turen vidare til Sundshyrna. Her er det ikkje sti. Det var mykje snø, og litt tungt å gå oppover. Såg austover mot Storskredfjellet, her er det gode muligheter for å fortsetje tinderangling med fleire toppar mot Storskredfjellet.
Fint på toppen av Sundshyrna, før turen gjekk vidare nedover mot Strynedalen. I overkant av Lundesetra, kring 800 m.o.h., kom vi inn på stien Stauri - Staurinibba.
Turen enda på Gjørva i Strynedalen, underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen.
Kommentarer