Blåberga (30.06.2017)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Ascents | Blåberga (332m) | 30.06.2017 08:29 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Kuset p-lomme (5m) | 30.06.2017 08:44 |
Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre.
Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne.
Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.
User comments