Blåberga (30.06.2017)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Turtype Spasertur
Turlengde 0t 36min
Distanse 2,9km
Høydemeter 164m
GPS
Bestigninger Blåberga (332moh) 30.06.2017 08:29
Andre besøkte PBE'er Kuset p-lomme (5moh) 30.06.2017 08:44

Eg har eit ganske ambivalent forhold til desse topplistene: på den eine sida synest eg ein skal gå fine turar heller enn ufine turar, men på den andre sida klarer eg ikkje å la listene vere heller. Eg er berre for glad i å samle, strukturere og loggføre.

Vel, på første dag i sommareferien var planen å vaske leiligheita medan sonen var i barnehagen. Det er vel gjerne slike dagar ein endar opp på turar som denne.

Fulgte hogstveg over hogstfelt eit godt stykke, før det vart litt vassing på slutten. Fikk selskap av 200 000 fluger. Er ein interessert i bringebær er det nok å jobbe med opp i her på seinsommaren.

Om ikkje anna kan eg skryte av ekstremt store kontrastar i friluftslivet mitt.
Om ikkje anna kan eg skryte av ekstremt store kontrastar i friluftslivet mitt.
Men, tur er tur. Det viktigaste er tross alt å kome seg ut. Her med fjorgløtt og rotvelt.
Men, tur er tur. Det viktigaste er tross alt å kome seg ut. Her med fjorgløtt og rotvelt.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.