Motbakkefestival på Hovsnebba (25.06.2017)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Start point | Hydro Sunndalsøra |
---|---|
Endpoint | Hydro Sunndalsøra |
Characteristic | Alpine trip |
Duration | 5h 00min |
Distance | 6.0km |
Vertical meters | 1,600m |
Map |
Ascents | Hovsnebba V2 (1,508m) | 25.06.2017 19:24 |
---|---|---|
Hovsnebba V1 (1,533m) | 25.06.2017 19:24 | |
Hovsnebba (1,554m) | 25.06.2017 19:24 | |
Visits of other PBEs | Parkering Flaggnuten/Hovsnebba (3m) | 25.06.2017 19:24 |
Hovsnebba fra Hydro (1,500m) | 25.06.2017 19:24 |
Etter gårsdagens trimtur i Innerdalen våkna eg i tilnærma god form i teltet mitt på tjuvcampen bak Teknisk Etat sitt utendørs lager av brukte brannslokningsapparat. Eg hadde hatt bjarte planar om Storkalkin i dag, men merka raskt (i det eg røyste meg) at det kanskje var noko ambisiøst.
Eg slo opp på Peakbook-appen, og såg at stien til Hovsnebba byrja rett bort i vegen. Det er jo eit fjell eg har glodd på lenge, så eg gikk for den! Etter 2 polarbrød og ein kopp kaffi var eg klar! Stien var lett og finne - her var det ikkje mykje anmarsj å snakke om. Høgdemetera kom raskt og i rikt monn!
"Lett" er jo eit relativt omgrep, og i Sunndalen er det få ting relativt lett. Denne turstien var ikkje akkurat handicap-tilpassa, for å seie det slik. Den sneik seg opp gjennom diverse bukkemark, generelt bratt med klyveopptak her og der. Overkomeleg for dei fleste står det på beskrivinga, men eg kjem ikkje på mange familemedlemmar eg ville ha sendt opp her. Det er greit å vere i god form og godt vandt med bratt terreng. Nesten 1600 høgdemeter på 3 km seier sitt, tenker no eg.
Forma kjendest overraskande bra. Då eg kom over tregrensa ved byrja eg imidlertid å kjenne gårsdagens nesten 14 timar på tur. Det vart ein del ekstra turar i nøtteposen herifrå, men jamna dreg som det heiter. Det var noko vanskelig å finne stien vidare etter ura, men grovt sett er det berre å sikte på vestsida av Kilurdbekken så finn ein den lenger oppe. Eg fulgte stien som drog mot venstre mot Bjønnlauvet, og gjekk så etterkvart opp mot høgre mot bekken i det eg kom til ein varde på ein stein. Her kom eg inn på ein sti etter litt
Stien passerte etter kvart Kilurdbekken, og snodde seg gjennom eit rimelig komplekst landskap. Eit must å ha stien her. Ein god del flott klyving, så byrja topprekka endelig å nerme seg.
Så kom eg opp på den luftige V2-toppen som heng over fonna på nordsida. Eg var gira på hovudtoppen, så eg gikk rett vidare.
Det mest utsatte er klyvenedtaket (det står på kartet at dette er ved V1, men det er vel ved V2, er det ikkje?). Ned på OK handtak og litt dårlige fottak forbi eit eksponert sva. Det gikk fint med litt konsing, men i våt tilstand kan dette vere ekkelt. Her skal ein ikkje ramle. Uansett var det vanskeligast ned. Opp gikk mykje bedre, og då kan ein bruke eit ekstra sidetak.
Fin egg vidare, med omgåing av egga på sørsida to stader. Uproblematisk å finne dette. På toppen kvart på 1, 3 timar etter start. Fantastisk utsikt rett ned i Sunndalsøra sentrum, over til Storkalkin & Co, mot Dronningkrona etc etc. Slappa litt av med nøttemix, tenkte på livet, og litt på klyveopptaket på vegen tilbake. Sjølv om det har blitt nokon egger etter kvart så lurer framleis høgdeskrekka når eg er usikra i luftig terreng.
Vegen tilbake til V2 var uproblematisk, og eg byrja på den lange nedoverbakken nedatt. Det gikk forskriftsmessig for seg, og særlig artig var det å trene litt på nedklatring på klyvepartia. Tilbake på bakkenivå 14:45 etter 5 timar på tur.
Etter to dagar med mykje trasking gjekk tankane lynraskt mot burger og kanskje tilogmed ein øl. Men brått gjekk eg forbi ein kafeteria som hadde et-så-mykje-du-vil-buffet. Dette var tingen! Eg fyllte vomma med biffgryte, kjøtkaker, surkål og tytebær, leskende drikke, påfølgande karamellpudding og kaffi. Dette var jo forsynemeg bedre enn Grønset på Oppdal, tenkte eg for meg sjølv, før eg sovna i teltet.
Deretter hoppa eg på bussen til Trondheim. Adjø for denne gong Nordmøre. Du er ikkje så verst!
User comments
Motbakke..
Written by otto 27.06.2017 06:13Jeg ble overrasket selv over bratt-heten på denne 1500 m toppen.. Det tok jo aldri slutt. Imponerende over de som har ordnet stien engang for lenge siden..
Sv: Motbakke..
Written by kobbenes 27.06.2017 08:08Det var bratt nok ja. Ein skal både opp, og ikkje minst ned. Artig at stien finn vegen opp dette uoversiktelige terrenget!
Motbakkefestival
Written by BjørnF 26.06.2017 07:17Var snøen forsvunnet slik at det er greit for en amatør opp der nå. Skal dit i sommer.
Sv: Motbakkefestival
Written by kobbenes 26.06.2017 07:20tørt og fint ja. på dei andre sidene var det snø, men heile denne stien er sørvendt, så her var det fint.
Sv: Sv: Motbakkefestival
Written by BjørnF 26.06.2017 07:30Takk. Da er det bare å vente på godværsdag.