Gaustatoppen (18.06.2017)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Tourlänge 5h 01min
Entfernung 10,7km
Höhenmeter 774m
GPS
Besteigungen Gaustatoppen (1.883m) 18.06.2017 13:17
Gaustaråen (1.614m) 18.06.2017 14:29
Gaustaråen punkt SØ for topp (1.615m) 18.06.2017 14:34
Store Stavsronut (1.298m) 18.06.2017 15:53
Besuche anderer PBE Stavsro (1.173m) 18.06.2017 11:06
Gaustatoppen turisthytte (1.835m) 18.06.2017 12:42
Rjukan (300m) 18.06.2017 17:36
Rjukan (Unesco-listen) (300m) 18.06.2017 18:00
Kristine på Gaustaråen, med Gaustatoppen bak
Kristine på Gaustaråen, med Gaustatoppen bak

Gaustatoppen

I tjukk skodde på Gaustatoppen
I tjukk skodde på Gaustatoppen
Eggen ut mot Gaustatoppen
Eggen ut mot Gaustatoppen

Etter frukost på Skinnarbu, køyrde vi til Rjukan og oppover mot Gaustatoppen. Vi parkerte på den store parkeringsplassen ved Stavsro. Derifrå gjekk vi, og mange andre, mot Gaustatoppen. Det var mykje vind, skodde og yr på veg oppover. Dette været ga seg ikkje før vi var på veg nedover igjen, når vi var nede att på omtrent 1700moh lyste det opp. Vi møtte heile tida mykje folk på veg oppover til turisthytta, og det var ein del utanfor hytta, som var stengd. Utover mot toppen møtte vi berre to karar, så det virka ikkje som om sjølve toppen er så mykje besøkt, men merkinga ut dit var god.

Gaustaråen

Utsikt frå Gaustaråen, mot Heddersfjell og Blefjell
Utsikt frå Gaustaråen, mot Heddersfjell og Blefjell
Kristine på kommunetoppen i Hjartdal
Kristine på kommunetoppen i Hjartdal

På veg ned att gjekk vi bortom Gaustaråen og det høgaste punktet i Hjartdal kommune, her byrja været bli skikkeleg bra. På kommunetoppen bygde vi ein varde. Frå kommunetoppen gjekk vi rett ned att lia, det var bratt, men det var greitt å gå, spesielt når vi kom så langt ned at det vart gras.

Stavsronut

Det lysnar opp på veg ned
Det lysnar opp på veg ned
Kristine på Store Stavsronut
Kristine på Store Stavsronut

Nede at på råket fann vi ut at vi ville oppom Store Stavsronut, og registrere han på Peakbook. Nede ved bilen igjen åt vi litt niste i solveggen på Stavsro-kiosken. På turen tilbake til Skinnarbu stoppa vi først og gjekk ein liten rundtur i Rjukan sentrum, før vi parkerte bilen i Våer og gjekk opp til kraftverket på Vemork.

Tjukk skodde på på veg tilbake til Gaustatoppen turisthytte
Tjukk skodde på på veg tilbake til Gaustatoppen turisthytte
Utsikt mot parkeringsplassen på Stavsro og Heddersvatn
Utsikt mot parkeringsplassen på Stavsro og Heddersvatn

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.