Gaustatoppen (18.06.2017)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Gaustatoppen (1,883m) | 18.06.2017 13:17 |
---|---|---|
Gaustaråen (1,614m) | 18.06.2017 14:29 | |
Gaustaråen punkt SØ for topp (1,615m) | 18.06.2017 14:34 | |
Store Stavsronut (1,298m) | 18.06.2017 15:53 | |
Visits of other PBEs | Stavsro (1,173m) | 18.06.2017 11:06 |
Gaustatoppen turisthytte (1,835m) | 18.06.2017 12:42 | |
Rjukan (300m) | 18.06.2017 17:36 | |
Rjukan (Unesco-listen) (300m) | 18.06.2017 18:00 |
Gaustatoppen
Etter frukost på Skinnarbu, køyrde vi til Rjukan og oppover mot Gaustatoppen. Vi parkerte på den store parkeringsplassen ved Stavsro. Derifrå gjekk vi, og mange andre, mot Gaustatoppen. Det var mykje vind, skodde og yr på veg oppover. Dette været ga seg ikkje før vi var på veg nedover igjen, når vi var nede att på omtrent 1700moh lyste det opp. Vi møtte heile tida mykje folk på veg oppover til turisthytta, og det var ein del utanfor hytta, som var stengd. Utover mot toppen møtte vi berre to karar, så det virka ikkje som om sjølve toppen er så mykje besøkt, men merkinga ut dit var god.
Gaustaråen
På veg ned att gjekk vi bortom Gaustaråen og det høgaste punktet i Hjartdal kommune, her byrja været bli skikkeleg bra. På kommunetoppen bygde vi ein varde. Frå kommunetoppen gjekk vi rett ned att lia, det var bratt, men det var greitt å gå, spesielt når vi kom så langt ned at det vart gras.
Stavsronut
Nede at på råket fann vi ut at vi ville oppom Store Stavsronut, og registrere han på Peakbook. Nede ved bilen igjen åt vi litt niste i solveggen på Stavsro-kiosken. På turen tilbake til Skinnarbu stoppa vi først og gjekk ein liten rundtur i Rjukan sentrum, før vi parkerte bilen i Våer og gjekk opp til kraftverket på Vemork.
User comments