Høgdebråtet og Tjønnholstind (06.05.2017)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Høgdebrotet (2,226m) | 06.05.2017 13:27 |
---|---|---|
Tjønnholstinden NØ (2,180m) | 06.05.2017 13:56 | |
Steinflytinden (2,318m) | 06.05.2017 14:36 | |
Tjønnholstinden (2,330m) | 06.05.2017 15:03 | |
Tjønnholstindens Midttopp (2,315m) | 06.05.2017 15:22 | |
Visits of other PBEs | P-lomme sør for Heimdalsmunnen (1,260m) | 06.05.2017 09:43 |
Kristine og eg køyrde tidleg frå Hamar til Valdresflya. Vi parkerte sør for Heimdalsmunnen og gjekk i vegen mot Høgdebrotet og Tjønnholstind. Vi kom litt lengre inn i Leirungsdalen enn vi hadde tenkt, og dermed vart oppstigninga til Steinflye noko bratt. Frå Steinflye følgde vi greitt det vanlege spore opp til toppen. På toppen av Høgdebrotet møtte vi Berit Flugstad med følgje, dei skulle også vidare mot Steinflytinden. Vidare mot Steinflytinden vart det svært bratt og ganske så hard snø, så det var litt ekkelt på langrennsski. Då vi kom opp på ryggen mot Steinflytind, og tilbake i solhellinga, vart det mykje betre. Der satt vi frå oss skia, og gjekk på føtene opp til Steinflytinden. Kristine og eg slo følgje med ei til og gjekk eit tråkk til Tjønnholstinden. På veg tilbake var eg oppom Midttoppen, men eg er litt usikker på om eg var på sjølve toppunktet. Nedkøyringa frå Steinflytind var bratt og oppkøyrd, så den var ikkje særleg god på langrennsski. Over breen og Steinflye gjekk det mykje betre, men når vi kom nedover den siste bakken starta snøen å bryte ein del. Turen tilbake til bilen over myrane var lang, men vi følgde nokon andre sine spor, så det var heilt greitt å gå. Det var godt og varmt å sitte og eta og slappe av i sola, så pausane vart lengre enn normalt. Det vart ein strålande fin tur, i eit strålande flott vær.
User comments