Slutedalen-Slutenosi-Vetle Frostdalen (14.04.2017)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Slutenosi (1,503m) | 14.04.2017 15:15 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Smeddalsvatnet parkering (942m) | 14.04.2017 12:18 |
Valdresdalen Bom (950m) | 14.04.2017 12:20 |
</gallery>
Langfredag, og endeleg kom finvèret. Heilt blått i dag. Gikk inn Slutedalen for fyrste gong. Denne dalen overraska med å vere veldig vintervakker. Bratte sider mot sør, med svarte berg, skavlar og god variasjon å kvile auga på. Bratt, men enkelt opp frå Sluten. Når ein kjem inn i dalføret, opplevast det nesten flatt, med eit par brekkjer undervegs.
Etter halvanna time i roleg tempo kom vi til ei lita hytte ved ein knaus rett mellom dei to Slutevotni. Her var det enda til uteplass. Ein fast to-sits med bord. Kan det vere kraftutbyggar som eig denne ? Her sette vi oss ned med matpakka og varm te.
Vi gikk vidare over nedre Slutevatn, og opp i skråninga, rett mot toppunktet på Slutenosi.
Etter ca. 45 min. frå pauseplassen var vi på toppen. Vi sveitta godt i nysnøen, med god stigning, og varm sol i ryggen. På toppunktet, som er markert, men flatt på sjølve toppen, var det ei heilt utruleg flott panoramautsikt i alle retningar.
Vi sigla så ned mot øvste del av Vetle Frostdalen, og gleid fint ut heile dalføret, før vi skrådde bratt nedatt siste delen til Sluten. Det var svært mange skispor oppover Vetle Frostdalen, og ruta opp mot Berdalseken. Tenkjer at det var folksamt der på langfredag. Vi hadde heile naturen for oss sjølv på denne rundturen.
User comments