Jølstrasølvet - Kvitsvornipa (15.01.2017)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Startpunkt | Nedrebø (251m) |
---|---|
Endpunkt | Nedrebø (240m) |
Tourcharakter | Randonnée/Telemark |
Tourlänge | 6h 00min |
Entfernung | 10,1km |
Höhenmeter | 1.044m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Kvitsvornipa (1.230m) | 15.01.2017 |
---|
Fantastiske meldingar og snøforhold i helga. Ingen planar og då er det ikkje så mykje meir å fundere på....ski og fjell, atter ski og fjell! Planen var Tortnegrøegga inn mot Jostedalsbreen, men ifølge yr ville skydekket ligge meir jamt utover dagen der inne. Midtre og nedre bygda av Jølster var det meldt skyfri himmel og vi går då for solvarmen :) Det skulle vise seg å være eit ypperlig valg. Vi starta ifrå Nedrebø og fekk med oss bonden som måtte nød slakte grisen sin ute på gårdstunet. Det var då trasigt både for bonden og vi som luffa forbi! Men opp ialt dette kunne jo også bonden fortelle om den fine parkeringa som skal bli ved tunet hans. Dette til glede for alle tur og fjellfantar som vil nytte dette fjellområdet. Kommunen i samarbeid med grunneigarane i Jølster legger no godt til rette for turfolket, det er berre så utruleg bra :)
Ein godt utnytta dag i ei skjult perle av eit skieldorado i Jølster. Vi tre hadde heile dette unike fjellområdet for oss sjølve. Det var totalstille på toppen og 45 cm glitrande pudder på heimtur!
Kommentarer
Kontrastenes land :)
Skrevet av Eikås 23.01.2017 22:20Sånne turar med sånt føre er av dei sjeldne! Ein lyt berre sette pris på kvart eit øyeblikk :) Men jammen skifta været ekstremt raskt, rett ifrå gnistrande vinter med 10 blå og til troperegn i dagesvis...Så det var stor stas att idag, med nokre cm våt og kram nysnø på toppen av Eikåsnipa. Evig optimister :)
Winter wonderland
Skrevet av opps 17.01.2017 22:48Oi oi dette er nesten for godt å se på,,,nydelige bilder Janne. Tenk om vi kunne fått opplevde resten av vinteren slik.
Wow
Skrevet av mortenh 17.01.2017 09:01Kort og godt, det så berre lekkert ut. Herlig å se på. Litt misunnelig kanskje også, siden vi gikk på ski på is, gresstuster og snøstriper samme dagen.
Kvitsvornipa
Skrevet av JoSo 16.01.2017 20:18Inspirerende rapport, Janne :) Og bilder i superklassen som vanlig..!