Jølstrasølvet - Kvitsvornipa (15.01.2017)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Nedrebø (251m)
Endpoint Nedrebø (240m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 00min
Distance 10.1km
Vertical meters 1,044m
GPS
Ascents Kvitsvornipa (1,230m) 15.01.2017

Fantastiske meldingar og snøforhold i helga. Ingen planar og då er det ikkje så mykje meir å fundere på....ski og fjell, atter ski og fjell! Planen var Tortnegrøegga inn mot Jostedalsbreen, men ifølge yr ville skydekket ligge meir jamt utover dagen der inne. Midtre og nedre bygda av Jølster var det meldt skyfri himmel og vi går då for solvarmen :) Det skulle vise seg å være eit ypperlig valg. Vi starta ifrå Nedrebø og fekk med oss bonden som måtte nød slakte grisen sin ute på gårdstunet. Det var då trasigt både for bonden og vi som luffa forbi! Men opp ialt dette kunne jo også bonden fortelle om den fine parkeringa som skal bli ved tunet hans. Dette til glede for alle tur og fjellfantar som vil nytte dette fjellområdet. Kommunen i samarbeid med grunneigarane i Jølster legger no godt til rette for turfolket, det er berre så utruleg bra :)

Silkeføre og julekortstemning
Silkeføre og julekortstemning
Ei nydelig fjellrekke er det som omkransar Nedrebødalen
Ei nydelig fjellrekke er det som omkransar Nedrebødalen
Mot Kvitsvornipa/Sølvet
Mot Kvitsvornipa/Sølvet
Ski linja ned ifrå toppen blir lagt!
Ski linja ned ifrå toppen blir lagt!
Ifrå Blåfjellet mot markante Kvitsvornipa
Ifrå Blåfjellet mot markante Kvitsvornipa
Mot Solegladnipa
Mot Solegladnipa
Vindstille og berre eit hærleg skue over fjellheimen
Vindstille og berre eit hærleg skue over fjellheimen
Ingen ord beskriver....
Ingen ord beskriver....
Dagen idag er til for å nytast :)
Dagen idag er til for å nytast :)
Bak i bildet ifrå høgre Syskarnipa, Solegladnipa, Steinegga og Storehesten/Kvamsfjellet i Bygstad
Bak i bildet ifrå høgre Syskarnipa, Solegladnipa, Steinegga og Storehesten/Kvamsfjellet i Bygstad
Ein rimelig fornøgd Ingvald....og han har god grunn :)
Ein rimelig fornøgd Ingvald....og han har god grunn :)

Ein godt utnytta dag i ei skjult perle av eit skieldorado i Jølster. Vi tre hadde heile dette unike fjellområdet for oss sjølve. Det var totalstille på toppen og 45 cm glitrande pudder på heimtur!

User comments

  • -
    avatar

    Kontrastenes land :)

    Written by Eikås 23.01.2017 22:20

    Sånne turar med sånt føre er av dei sjeldne! Ein lyt berre sette pris på kvart eit øyeblikk :) Men jammen skifta været ekstremt raskt, rett ifrå gnistrande vinter med 10 blå og til troperegn i dagesvis...Så det var stor stas att idag, med nokre cm våt og kram nysnø på toppen av Eikåsnipa. Evig optimister :)

  • -
    avatar

    Winter wonderland

    Written by opps 17.01.2017 22:48

    Oi oi dette er nesten for godt å se på,,,nydelige bilder Janne. Tenk om vi kunne fått opplevde resten av vinteren slik.

  • -
    avatar

    Wow

    Written by mortenh 17.01.2017 09:01

    Kort og godt, det så berre lekkert ut. Herlig å se på. Litt misunnelig kanskje også, siden vi gikk på ski på is, gresstuster og snøstriper samme dagen.

  • -
    avatar

    Kvitsvornipa

    Written by JoSo 16.01.2017 20:18

    Inspirerende rapport, Janne :) Og bilder i superklassen som vanlig..!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.