Tverråknuten og Hunnefjell (14.12.2016)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Tverrånå (640m)
Endpoint Tverrånå (640m)
Characteristic Hike
Duration 12h 00min
Map
Ascents Heimre Hunnefjell (1,131m) 14.12.2016
Nordre Hunnefjell (1,090m) 14.12.2016
Tverråknuten (977m) 14.12.2016
Visits of other PBEs Mohidler (918m) 14.12.2016

Snøfattig førjulsvinter så det blei fottur i det fine veret. Store temperaturkontraster med +3 gr heime, mens det var -6 gr i Hunnedalen denne føremiddagen. Gjekk opp sørryggen av Tverråknuten og vidare nordover mot Øyarvatn for å sjå an forholda. Planen var å evt gå over Øyarvatnet til Sandvatnet og Austra Blåfjell, men sidan Øyarvatnet låg åpent gjekk eg til Hunnefjell i plassen. Godt å gå på skaresnøen, men litt vel hardt og isete i den bratte nordsida til Søre Hunnefjell så isøks kom godt med der. Kom til topps i god tid før sola gjekk ner.
Var forveten på isforholda på Sandvatnet så eg gjekk vidare til Nordre Hunnefjell og nordover forbi Mohedlaren og Sandvatnhytta og ut på Sørkilen og ein god runde over Sandvatnet. Hadde med stor øks og tok fleire målinger. Isen var 26-27 cm og hovedsaklig sorpeis, mens det bare var 11-12 cm og hovedsaklig stålis i Sørkilen. Fantastisk flott kveld med fullmåne og mild bris frå sør med bare -1 gr utanfor Sandvatnhytta på 915 moh. Reine fønvinden på ein måte. Gjekk via Grodalen tilbake til Hunnedalen. Hadde lagt i frå meg sykkel der så eg sykla drygt 5 km tilbake til Tverrånå.

Tverråtjødna med Tverråknuten bak.
Tverråtjødna med Tverråknuten bak.
Tverråtjødna og Hallbrekknuten og Storeknuten i bakgrunnen.
Tverråtjødna og Hallbrekknuten og Storeknuten i bakgrunnen.
På Tverråknuten sett sørvest mot f.v Hallbrekknuten, Storeknuten og Brådlandsknuten.
På Tverråknuten sett sørvest mot f.v Hallbrekknuten, Storeknuten og Brådlandsknuten.
På Tverråknuten sett nordvest.
På Tverråknuten sett nordvest.
Austover mot Hunnefjell.
Austover mot Hunnefjell.
Tuptetjødna 787 moh.
Tuptetjødna 787 moh.
Vestenden av Øyarvatnet.
Vestenden av Øyarvatnet.
Øyarvatnet 904 moh med Stutaheia t.v.
Øyarvatnet 904 moh med Stutaheia t.v.
Frå 1031-toppen mot Hunnefjell.
Frå 1031-toppen mot Hunnefjell.
Varden på Søre Hunnefjell.
Varden på Søre Hunnefjell.
Min 4. bestigning på Hunnefjell.
Min 4. bestigning på Hunnefjell.
Søraust.
Søraust.
Vestover.
Vestover.
Nord-nordvest mot Nordre Hunnefjell og Stutaheia bak.
Nord-nordvest mot Nordre Hunnefjell og Stutaheia bak.
Frå Hunnetodalen mot Grodalen.
Frå Hunnetodalen mot Grodalen.
På Litla Sandvatnet i blåtimen.
På Litla Sandvatnet i blåtimen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.