Loftet (08.10.2016)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Alpintur
Turlengde 5t 45min
Distanse 12,2km
Høydemeter 1310m
Kart
Bestigninger Loftet (2170moh) 08.10.2016

</gallery>
Sesongen var eigentleg avslutta, men eit kraftig høgtrykk fekk oss på topptur igjen. Tidleg frå Lærdal, og flott køyretur over fjellvegen Øvre Årdal - Turtagrø, og vidare over Sognefjellet.

Stålande sol og tåkedis. Magisk :) Vi parkerte ved Øvre Halsatjønnen, og gikk oppover Langranden på fin sti. Etter kvart flata det ut, og inn ein dal, før det gikk bratt opp på ve. side av ei grov, og vel 150 høgdemeter opp til platået ved Veslloftet. Her låg det snø, og vi valde å gå over dette skaret og ta oppstigninga langs egga mot Leirdalen. Det angra vi ikkje på, då utsikta oppover var magisk. Fekk ein del flotte foto over leirdalen, mot m.a. Skardstinden, og fleire flotte tindar og brear.

Det var innimellom litt vanskeleg på snø i kombinasjon med lause steinar. Etter kvart tok vi litt inn på snøfonna, og følgde nokre trakk i snøen. Sokk ned innimellom, men det bar betre til lenger opp vi kom. Fint å trakke i roleg gjenge i snøen oppover. Etter knapt 4 timar var vi på toppen.

Tok oss tid å gå ned mot ein rygg, og fann fleire stader for fin fotografering av magiske toppar og brear. Også frå toppen var 360 rundskue her oppe flottare enn eg hadde tenkt meg. Fantastisk :) På returen nedatt var vi "høge" på opplevinga. Møtte etter litt to x to unge damer i same ærend som oss. Vi valde å halde litt lenger vest på returen, skrådde nedover etter snøfonna. Slik fekk vi også variasjon. Ei av dei to para vi møtte hadde nytta denne varianten opp, dei andre vår rute. Eg trur opp ved egga, og nedatt her var beste løysinga under dagens forhold. Returen gikk på to timar, som var raskare enn forventa. Snøfonna hjelpte til med dette, sjølv med ein del nysnø på. Vi var fantastisk nøgde med å få gjennomført ein slik tur på denne årstida, og med det fantastiske vèret som eit lenge venta høgtrykk hadde sytt for. Loftet gav stor goturfølelse.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.