Muen i knallver (05.06.2016)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 9.1km
Vertical meters 549m
Map
Ascents Muen (1,424m) 05.06.2016
Ringsrudåsen (842m) 05.06.2016
Øst for Ringsrudåsen (837m) 05.06.2016

Etter møte i Oppdal hadde eg tenkt å få med meg ein større større topp i dag på veg tilbake til Oslo. Vêret var utruleg, ikkje ei sky, og så å seie vindstille. Eg hadde landa på Gravskardhøgda, men fann ingen stad å kjøpe meg mat, så torde ikkje starte på tom mage. Dermed blei det Muen i staden. Gjekk opp på 46 minutt, og sat vel like lenge der oppe. Og så 30 minutt nedatt. 5,6 km, 372 hm. Gjekk aleine.
Stutt tur opna jo opp for ein tur til, og det blei Ringsrudåsen i Gjøvik. Veldig lang biltur inn Snertingdalen, tok av opp Sprænbekkvegen, og etter å ha parkert inst i Finndalen, var det ein fin liten tur opp til Ringsrudsetra, der ein flokk spelsau kom springande ut frå under det gamle fjøset for å helse på. Følgde Knut Sverre sitt GPS-spor, fann både Gjøvik-toppen og den eigenlege toppen. Hadde ikkje store forventningar til denne toppen, men i den varme junikvelden var det ein flott liten tur med vidt utsyn. 3,5 km, 1 time, og 177 hm.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.