Naganibba og Godlifjellet frå telt ved Svortingsvatnet (21.05.1988)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Godlifjellet (768m) 21.05.1988
Søraust for Krokavatnet (733m) 21.05.1988
Naganibba (747m) 21.05.1988
Aust for Naganibba (748m) 21.05.1988
Besuche anderer PBE Nagastølen (480m) 21.05.1988

Første skikkelege ekspedisjon med telt som 18-åringar pinsen 20.-22. mai 1988. Gjekk opp Lågalia frå Liarvatnet etter å ha blitt kjørte med Sverre, far til Sigurd. Langs Svortingsvatnet forbi Nagastølen og krongle under Nibba til eidet mot Hengjanevatnet, kor me fant ein god teltplass. Me brukte Geir sitt mønetelt med presenning under, og me hadde pølser på "grillen".

Klargjering av teltplass på eidet mellom Svortingsvatnet og Hengjanevatnet
Klargjering av teltplass på eidet mellom Svortingsvatnet og Hengjanevatnet
Ditto
Ditto
Enkel servering med pølser på "grillen"
Enkel servering med pølser på "grillen"

Dag to var det klart for ekspedisjon, stilaust og bratt opp til Naganibba; svært flott rundskue som alltid! Vidare over den spanande høgda med Krokavatnet og vidare mot Godlifjellet. Hugsar at det vart mykje fotografering av toppar og tjødnar eg berre hadde sett på kartet før, Gryteholstjødna og Svartavatnet f.eks. Godlifjellet vart ein godbit med ein litt alpin egg og nokre bratte hamrar som måtte forserast, men berre kjekt i godveret. Ein skikkeleg kremtopp lengst inne i Jørpelandsheia! Så var det retur til teltet greit ned Djupedalen til Hengjanevatnet og teltplassen. Geir prøvde fiskelukka i Hengjanevatnet om kvelden, men eg trur ikkje han fekk noko. Me observerte eit uerfarent turfølge som prøvde den krevande og bratte passasjen ved Uføreberget langs nordsida av Hengjanevatnet. Det var tydeleg usemje om dette var trygt, og eg meiner nokre jenter grein. Då er det ikkje løye lenger!

Topp morgonstemning!
Topp morgonstemning!
Stilaus oppgang mot Naganibba med medbrakt optikk for fuglestudier
Stilaus oppgang mot Naganibba med medbrakt optikk for fuglestudier
Pust i bakken på veg mot Nibba
Pust i bakken på veg mot Nibba
Topp stemning på Naganibba!
Topp stemning på Naganibba!
Utsikt frå Nibba mot Hengjanevatnet og eidet der me har teltet
Utsikt frå Nibba mot Hengjanevatnet og eidet der me har teltet
Nesten same utsikt med Moslivarden dominerande
Nesten same utsikt med Moslivarden dominerande
Utsikt ut Svortingsvatnet og tid for "ablegøyer"
Utsikt ut Svortingsvatnet og tid for "ablegøyer"
Mot Krokavatnet der me håpar å sjå smålom
Mot Krokavatnet der me håpar å sjå smålom
Ditto mot Store Nagatjødna
Ditto mot Store Nagatjødna
Spanande utsikt mot Gryteholstjødna og Svartavatnet. Bratteliknuten er den dominerande toppen
Spanande utsikt mot Gryteholstjødna og Svartavatnet. Bratteliknuten er den dominerande toppen
På veg mot Godlifjellet med utsikt mot dei same vatna
På veg mot Godlifjellet med utsikt mot dei same vatna
Utsikt frå Godlifjellet mot Godlitjødnane
Utsikt frå Godlifjellet mot Godlitjødnane
Mot Svartavatnet, Longavatnet og jamvel Venavatnet ovanom Skitli
Mot Svartavatnet, Longavatnet og jamvel Venavatnet ovanom Skitli
Geir prøver fiskelukka i Hengjanevatnet
Geir prøver fiskelukka i Hengjanevatnet

Dag tre pakka me leiren og returnerte stilaust langs sørsida av Svortingsvatnet til me kom inn på sti i Rovadalen. Vidare langs kjente stiar forbi Tinturvatnet og ned Kjellbrekk, forbi Selemork, kraftstasjonen og ned Dalavegen heilt heim til Førland.

Takk for oss for denne gongen!
Takk for oss for denne gongen!
"Der fikk du ett av mine saligste glis!"
"Der fikk du ett av mine saligste glis!"
Retur langs sørsida av Svortingsvatnet med Nibba som blikkfang
Retur langs sørsida av Svortingsvatnet med Nibba som blikkfang
Pause ved Rovadalstjødna
Pause ved Rovadalstjødna
Ein matbit på utsiktsplassen ovanom Tømmervatnet
Ein matbit på utsiktsplassen ovanom Tømmervatnet

Ein kjempetur i Jørpelandsheia som sette spor og gav meirsmak til fjellivet!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.