Naganibba og Godlifjellet frå telt ved Svortingsvatnet (21.05.1988)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Godlifjellet (768moh) 21.05.1988
Søraust for Krokavatnet (733moh) 21.05.1988
Naganibba (748moh) 21.05.1988
Aust for Naganibba (748moh) 21.05.1988
Andre besøkte PBE'er Nagastølen (480moh) 21.05.1988

Første skikkelege ekspedisjon med telt som 18-åringar pinsen 20.-22. mai 1988. Gjekk opp Lågalia frå Liarvatnet etter å ha blitt kjørte med Sverre, far til Sigurd. Langs Svortingsvatnet forbi Nagastølen og krongle under Nibba til eidet mot Hengjanevatnet, kor me fant ein god teltplass. Me brukte Geir sitt mønetelt med presenning under, og me hadde pølser på "grillen".

Dag to var det klart for ekspedisjon, stilaust og bratt opp til Naganibba; svært flott rundskue som alltid! Vidare over den spanande høgda med Krokavatnet og vidare mot Godlifjellet. Hugsar at det vart mykje fotografering av toppar og tjødnar eg berre hadde sett på kartet før, Gryteholstjødna og Svartavatnet f.eks. Godlifjellet vart ein godbit med ein litt alpin egg og nokre bratte hamrar som måtte forserast, men berre kjekt i godveret. Ein skikkeleg kremtopp lengst inne i Jørpelandsheia! Så var det retur til teltet greit ned Djupedalen til Hengjanevatnet og teltplassen. Geir freista fiskelukka i Hengjanevatnet om kvelden, men eg trur ikkje han fekk noko. Me observerte eit uerfarent turfølge som prøvde den krevande og bratte passasjen ved Uføreberget langs nordsida av Hengjanevatnet. Det var tydeleg usemje om dette var trygt, og eg meiner nokre jenter grein. Då er det ikkje løye lenger!

Dag tre pakka me leiren og returnerte stilaust langs sørsida av Svortingsvatnet til me kom inn på sti i Rovadalen. Vidare langs kjente stiar forbi Tinturvatnet og ned Kjellbrekk, forbi Selemork, kraftstasjonen og ned Dalavegen heilt heim til Førland.

Ein kjempetur i Jørpelandsheia som sette spor og gav meirsmak til fjellivet!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.