Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Trolltind og Ryssdalsnebba

Datum:
18.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
18,2km

Nok ein flott dag i utprega godt skiterreng. Opp til Trolltinden og Ryssdalsnebba, begge for første gong for forfattaren. Dette var i tillegg første runde til Jordalsgrenda og område rundt Øksendalen, ei erfaring som absolutt freista til gjentaking. Mykje folk og tilsvarande oppkjørt snø, men noko urørt var det å finne.

Karte    

Rambjøra

Datum:
17.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
16,3km

Ein praktdag i eit favorittområde ovanfor Todalsøra. Opp til Rambjøra frå Halset på fint føre og i varmande vårsol. Plana var opprinneleg å besøke Vassnebba i tillegg, men for dagen såg det ut til å være meir innbydande skiforhold nedanfor Rambjøras topp. Det blei dermed både ein og to ekstrarundar ned sida mot Vassnebbvatnet, før ein til slutt pakka sekken og satte dei siste svingane på tur ned.

Karte    

Syltnebba

Datum:
14.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
6,9km
Karte    

Honnstadknyken

Datum:
11.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
19,4km

Ei helg med lumske skredvarslingar blei nytta til å få første tur til Honnstadknyken vinterstid. Oppstigning langs den vante somarruta med enkelte unntak for å omgå dei brattaste partia. Klabbete føre og vakkert vær! God pause på toppen før vi utnytta finversdagen ved å køyre ned i retning Vindøldalen, og sette nokre svingar i den meget habile nedkøyringa mot Rabban. Fantastisk føre og umåteleg morosamt! Opp att til toppen og dagens andre rast ved varden til utsikta av ein snøkledd og soldekt fjellheim. Nedkøyringa til utgangspunktet kunne ikkje måle seg med henget ned mot Vindøldalen, men også her med enkelte parti som innbyr til artigheit på ski.

Karte    

Strengen

Datum:
08.04.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
6,9km
Karte    

Storhåmmåren

Datum:
01.04.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
8,7km

Litt snø og mykje vind prega påskehelga i Vauldalen, så det tradisjonelle besøket til ein eller fleire av Viglane uteblei dette året. Det blei derfor høve til å sikte seg inn på ein av dei mindre, men likevel markante toppane i området, så i strid vind tok vi av skiløypa som går inn til Gruvsjøen og peika oss inn på Storhåmmåren. Fin skare å ta seg inn mot toppen på, om enn litt vel hardt dei siste høgdemetrane. Bra drag i vinden på toppen, og lite snø, men bak den store steinen som står her oppe blei det nok le frå nordavinden til at ein kunne innta den obligatoriske kvikklunsjen før ein balanserte seg ned att til løypa.

Karte    

Neådalssnota frå Storlidalen

Datum:
27.03.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
27,0km

Forfattarens debut i Storlidalen skulle by på intet mindre enn bestigning av sjølvaste Neådalssnota på ski - ein ikkje ubetydelig tur uavhengig av kor ein startar frå, ei heller frå Oppdal. Med guiding frå ranheimslosen og lokale krefter var det derimot liten bekymring for at turen skulle bli noko anna enn storveies. Rett i arbeid opp frå Storli parkering og innover Storbekkdalen. Opp til skaret mellom Storbekkhøa og Halsbekkhøa fekk vi beskue dagens store mål for første gong. Konklusjonen blei at det framleis var nokre stavtak att før ein var framme. På med utforoppsett og ned til den vestre enden av Sprikltjønnin. Hardt føre og flatt lys gjorde nedkøyringa heller beskjeden, og vi frykta for at sola som var lova oss skulle utebli også resten av dagen. Toppen byrja etter kvart >>>

Strengen

Datum:
13.03.2021
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,4km

Ein vakker laurdag som utarta seg akkurat slik vi hadde venta; heller begredelige kjøreforhold, men vakkert vêr og og perfekt føre for å sitte å bråne i ein solvegg. Opp i t-skjorte og solkrem, før vi frå toppen manøvrerte oss ned på harde snøbølger til ein rabb nokre meter under toppen. Her blei det spada ut ein sofa kor vi fekk slått i hjel eit par timer i god påskestemning. Nedkøyring på marginalt bedre forhold no når sola hadde fått litt ekstra tid på å behandle snøen.

Karte    

Løålikjølen

Datum:
10.03.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
10,4km
Karte    

Løålikjølen

Datum:
07.03.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
10,4km
Karte