Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (153)
-
Skitur (50)
- Langrennstur (15)
- Randonnée/Telemark (27)
Favoritturer
Favorittopper
Ura og Kufjellet
- Dato:
- 07.08.2020
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 19,8km
Ein fin tur med utgangspunkt i Folldalen. Det finst i følgje kartet to godt merka ruter opp til den populære toppen Ura, og eg og turfølgjet la i veg frå den som startar lengst inn langs vegen. Her står det ei stor flott informasjonstavle, så ein veit når ein er framme ved start. Opp langs traktorveg som etter eit par slynger ender opp inn ved Aunesetra. Herifrå bar det vidare på god sti oppover lia som snart passerte over tregensa.
Ei av dagens mange vakre vinklar mot Snota åpenbara seg i det stien flata ut og gjekk langstrakt innover Storbekkdalen. Tidvis ganske bløtt innover, men heilt greit. Etter kvart svinga stien opp langs Langurveggen, og etter ein liten matrast halvvegs oppi stod berre siste slake stigninga opp til toppen att. Vakkert skue over til motsatt side av Folldalen, >>>
Gjevilvasskamman
- Dato:
- 01.08.2020
- Distanse:
- 25,0km
Dag to i Gjevillvassdalen og ei fantastisk reise over alle Gjevillvasskammene ein finn i området, her oppsummert i eit knepp bilete.
Okla og omland
- Dato:
- 31.07.2020
- Distanse:
- 21,2km
Endelig skulle det kome ei finvershelg. Desse har det dessverre ikkje våre så alt for mange av somaren 2020, så når det no stod ei for døra måtte den utnyttast til det fulle. Etter ei initsiativmelding frå Trondheim blei plana klar; Gjevilvassdalen skulle være arena for ei minneverdig turhelg, og minneverdig blei det! I innhaldsfortegnelsen finn vi fottur i vakre fjellområde både fredag og laurdag, med telt, primus og sandstrand inn i mellom. Alt ein treng for ei perfekt helg med andre ord.
Fredag formiddag kryssa tre av i alt fem camparar Gjevilvassdalens portar, og så langt som inn til sandstranda på Rauøra blei bilvegen fulgt. Her var vi no ute i god tid før helgesleppet hadde kome seg ut frå Trondheim, så det var berre å velge og vrake i teltplass. Etter etablering av camp >>>
Kvannjolfjellet
- Dato:
- 28.07.2020
- Distanse:
- 11,9km
Det var meldt litt sol frå morgonen av før ettermiddagsbygene skulle slå innover Todalen, så med ein relativt tidleg start frå Kårvatn burde det være moglegheit for ein rask formiddagstur i opphaldsver. Derimot var det spådd bra med vind i fjellet denne tysdagen, så med vindjakka lett for hand bar det no i veg frå Kårvatn p-plass med Kvannjolfjellet som mål.
Hit går den kortaste vegen opp lia rett aust for Nauståfossen, kor ein overraskande fin sti tok meg raskt opp den bratte lia. Inn til stistart følgjer ein berre vegen inn til Nauståfossen, som til tider er veldig blaut. Inne ved fossen, som no kom ned med imponerande vannføring, går det ei bru over elva kor stien startar.
Vel oppe den bratte lia flata det no litt ut når ruta gjekk rundt på nordsida nedunder Knubban. Framleis >>>
Honnstadknyken
- Dato:
- 27.07.2020
- Turtype:
- Fottur
Honnstadknyken er alltid fin, og spesielt når det blir anledning til å nyte solnedgangen.
Fauskånebbene
- Dato:
- 25.07.2020
- Distanse:
- 12,2km
Ein måtte være litt tålmodig denne laurdagen skulle ein få godt turver, men når klokka nærma seg ett byrja ting å skje oppe på himmelen, og skyar måtte gje tapt for solvarmen. Slik verbruk måtte utnyttast, og med småsko og rask oppakning gjekk det no i friskt tempo opp den bratte grusvegen mot Fauskåvatnet.
Turstart fann vi ved å køyre inn til parkeringsplassen i starten på Søyadalen og herifrå køyre over brua med grind. Vidare på andre sida går det nokre hundre meter før grusvegen går opp lia. Her er det også ein parkeringslomme med god plass til både ein og to bilar. Vegen er bratt og sola var varm, men om ikkje lenge flata det ut og det var dags for å forlate grusvegen og krysse bekken som kjem ned frå Fauskåvatnet. Det markerte starten på slutten av luksuslivet, >>>
Rundt Sulene
- Dato:
- 24.07.2020
- Distanse:
- 12,7km
Det såg ut til å skulle kome eit lite finversvindu i ein ellers begredelig juli måned her på nordvestlandet, og statsmetrologane hadde jobba seg fram til spådommer om både opphald og solgløtt. Eit dårleg stykke handarbeid skulle det derimot vise seg, og turdagen blei tilbrakt i skodde, nedbør og øvrig gråvær. Ein stoppar for planene blei det uansett ikkje, og seint på formiddagen mønstra eit turlag på fem nede ved vannkraftverket, kledd i goretex og anna vannavstøtande bekledning.
Den kjente og godt markerte ruta opp til Ytre Sula blei utvida med ein avstikkar til Sula Sør for smultringanes skuld. Vegen hit gjekk på skå bortover lia eit godt stykke opp mot Ytre Sula, før det bar litt ned og så opp igjen. Været gjorde sitt til at ura var våt og sleip, og feste i skotøyet >>>
Kremtopper frå Todalen
- Dato:
- 19.07.2020
- Distanse:
- 18,6km
Kjente og kjære topper skulle få eit besøk i kombinasjon med to nye smårollingar som har fått lurt seg inn på smultringlista. Rambjøra og spesielt Vassnebba (får bruke det navnet når ein går opp frå Todalssida) er to favorittar som fortjener eit gjensyn. Med start frå Halset blei det som tidligare gått opp den bratte skogsvegen. Nytt for anledninga var at det hadde blitt gjort noko skogsarbeid i området, og vegen var derfor noko meir oppkøyrd no enn tidligare. I tillegg hadde det kome eit nytt vegskille, som var nok til å sende meg ut i feil retning. Hadde kome eit stykke før eg innsåg feilen, men da var det ikkje lange vegen eg måtte gnu meg opp lyng og barskog for å kome inn på rett spor att. Oppe ved trimposten blir veg om til sti, og med unntak av at den kan forsvinne >>>
Storfjellet og Bollknubben
- Dato:
- 18.07.2020
- Distanse:
- 10,5km
To mann svingte seg opp bratta innover Kvennødalen og parkerte til slutt bilen i ein lomme ved stistart til setrene på sørsida av Kvenndøla. Etter at turfølgjet hadde fått i seg ein heller improvisert frokost var det berre å snøre på seg skoa og legge i veg over myra. Ved Kvenndøla er det ei bru som gjer kryssinga uproblematisk, men byggverket er ikkje av året, og ein skal ikkje leggje for mykje lit i armstøttene på tur opp den heller bratte tretrappa. Vel over er det sti innover den eventyrlig passasjen gjennom bjørkeskogen inn til setrene med navn Garden, kor ein på andre sida finn stien som går opp lia. Tråkket opp her er overraskande tydeleg og lettgått, og fint å følgje heile vegen til toppen av lia.
Vel oppe blir ein møtt av meir myr, og ein må nok budsjettere med >>>
Badstufjellet
- Dato:
- 12.07.2020
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 5,4km
Sørlandssommer betyr for det meste sol, bading og båtliv, men det viser seg at det finst nokre utsiktpunkt også her nede. Fin og godt markert trimtur opp til Badstufjell som gir godt utsyn over Lillesand, fjorder og hav.