Minitopptur og UTM-rutetur (13.08.2015)

Skrivet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Utgångspunkt Granom (550m.ö.h.)
Slutpunkt Øversvea (600m.ö.h.)
Turtyp Fjällvandring
Tidsåtgång 2t 43min
Avstånd 10,3km
Höjdmeter 425m
GPS
Bestigningar Rindåsen (826m.ö.h.) 13.08.2015

Det skulle bli to minitoppar eg fekk med meg på turen, men dårleg planlegging gjorde at eg gjekk på "feil høgd" inne på Kinnkjølen. Bortsett frå det var det ein fin tur i supert ver.

Start frå Granum og gjekk oppover skogsbilveg. Gjekk ein tur opp på toppunktet Rindåsen, der eg vart ønskja velkomen av to glade hestar. Gjekk vidare for å kome inn i UTM-rute 565-6781. Benytta anledningen til å gå på ein minitopp, men der bomma eg som sagt. Gjekk så ned att same veg.

Litt innkøyringsproblem på ny GPS-klokke, ser det ut til for dei som studerer ruta eg gjekk.

UTM-rute 566-6778: denne køyrde eg inn i :)
UTM-rute 571-6777: her vart det ein ekstra rundtur på cirka 5 km på grusveg, sti og traktorveg for å kome inn i denne ruta. GPS-sporet dekker ikkje denne, berre turen til og frå Rindåsen.

No har eg 40 UTM-ruter att i Lillehammer.

Kommentarer

Titel:
Tecken kvar: 1000
Kommentarstext:
Du måste vara inloggad för att kunna skriva kommentarer.