Arkiv - datum

Arkiv - aktivitet

Listor jag samlar på

Storfjellet og Bollknubben

Datum:
18.07.2020
Avstånd:
10,5km

To mann svingte seg opp bratta innover Kvennødalen og parkerte til slutt bilen i ein lomme ved stistart til setrene på sørsida av Kvenndøla. Etter at turfølgjet hadde fått i seg ein heller improvisert frokost var det berre å snøre på seg skoa og legge i veg over myra. Ved Kvenndøla er det ei bru som gjer kryssinga uproblematisk, men byggverket er ikkje av året, og ein skal ikkje leggje for mykje lit i armstøttene på tur opp den heller bratte tretrappa. Vel over er det sti innover den eventyrlig passasjen gjennom bjørkeskogen inn til setrene med navn Garden, kor ein på andre sida finn stien som går opp lia. Tråkket opp her er overraskande tydeleg og lettgått, og fint å følgje heile vegen til toppen av lia. Vel oppe blir ein møtt av meir myr, og ein må nok budsjettere med >>>

Karta    

Badstufjellet

Datum:
12.07.2020
Turtyp:
Tur till fots
Avstånd:
5,4km

Sørlandssommer betyr for det meste sol, bading og båtliv, men det viser seg at det finst nokre utsiktpunkt også her nede. Fin og godt markert trimtur opp til Badstufjell som gir godt utsyn over Lillesand, fjorder og hav.

Karta    

Slettfjellet

Datum:
01.07.2020
Avstånd:
6,9km

Etter at Sandfjellet i Folldalen var bestege var det klart for å ratte bilen opp Vindøldalen og sikte seg inn på Slettfjellet. Start i frisk kuling og striregn, og etter kvart hagl. Middels stemning hos ein i shorts og ikkje vanntett vindjakke, men skura passerte og ting såg lysare ut når eg fann fram til Kløvvegen som eg fulgte eit stykke nordover. Ruta blei så lagt nokså direkte opp langs blaute myrer og lyng i retning Slettfjellet. Ingen sti å spore her, men terrenget er greit å følgje. Vel opp finn ein ein storreist varde og fint utsyn mot Honnstadknyken. Kort pause før det blei retur same veg, heldigvis klar av omliggjande regnbyger.

Karta    

Sandfjellet

Datum:
01.07.2020
Avstånd:
7,0km

Juli måned betyr dessverre ikkje finversgaranti når ein oppheld seg på Nordmøre, og med tungt skydekke og regnver må dei store toppane og ekspedisjonane vente. Derimot finst det nok av småplokk å få med seg sjølv på gråversdagar som denne, og for å bidra litt til bomkassene ein finn oppover dalen blei ruta lagt til to små toppar i henholdsvis Folldalen og Vindøldalen. Først ut var Sandfjellet med start frå Folda P-plass. Over demning og vidare langs grusvegen finn ein her skilting opp mot Sandfjellet. Stien går først i myr og kan til tider være litt utydeleg, men tar ein seg tid finn ein fram. I regn og til tider hagl bar det no oppover, og etter kvart blir myr til fast fjell og stien betre. Den forsvinn til tiden opp lia, men blir fint supplert av sporadisk varding oppover. >>>

Karta    

To små topper i Nordmarka

Datum:
30.06.2020
Turtyp:
Tur till fots

Noko må ein også bruke gråversdagane til, så med lågt skydekke og duskregn blei ruta lagt opp til dei to toppane i Nordmarka som mangla på surnadalslista. Køyrde bilen innover bomvegen og parkerte på det høgste punktet ved starten av stien som går opp til Fagerfjellet. Relativt god sti heile vegen til toppvarden, som er tidvis dandert med små og halvstore vardar som viser veg. Over nokre myrparti forsvinn stien, men ein treng ikkje leite lenge for å finne den att på andre sida. Opp til toppvarden og bortom aktuelle toppunkt i frisk vind, før det blei retur til bilen same veg. Vel nede tok eg på nytt bilen fatt og køyrde til enden av vegen som slutter ved demninga til Litlbøvervatnet. Stor parkeringplass her og fin veg over demninga. På andre sida går det eit fint tråkk opp >>>

Karta    

Bollen

Datum:
29.06.2020
Turtyp:
Tur till fots
Avstånd:
8,7km
Karta    

Bølia og Durmålshaugen

Datum:
28.06.2020
Turtyp:
Tur till fots
Karta    

Hovsnebba og Rebekka

Datum:
27.06.2020
Avstånd:
7,1km

Det har tydelegvis blitt ein vane å benytte somarens varmaste dag til å bestige Hovsnebba, for nok ein gong hadde meterologane lova over 30 grader på dagen som var valgt ut til ein tur opp hit. Sist var vi berre to som tok oss opp dei vel 1500 høgdemetrane i varmen, men denne gongen mønstra heile fem klyvarar nede ved parkeringa, klare for å ta fatt på begivenheten. For fire var det aller første gong, og ein spolerer vel ikkje nokon overraskelse om ein allereie no avslører at alle fire etter endt tur var enige om at dette er ein verkeleg flott topp! Klok av suksess frå i fjor kryssa vi fjorden tidleg på morgonen, og var klare til marsj før sola hadde kome seg til denne delen av dalføret. Ingen problem opp til Flaggnuten, som vi tok oss tid til å besøke. Kort bildeseanse før vi >>>

Karta    

Honnstadknyken

Datum:
25.06.2020
Turtyp:
Tur till fots

Ettermiddagsturen til Snøfjellet blei fulgt opp av ein kveldstur til Honnstadknyken. Ein klassiskar frå Surnadal ein aldri går lei av. Snø i dei djupeste grytene langs toppyggen frå Svarrafjellet, men veldig fint og greit å kome seg opp. Alltid like fint å skue over bygda og Trollheimen etter eit lengre opphald sørpå. God rast med kveldskaffe høyrer alltid med her, medan praten gjekk laust mellom turfølgjet om kva for toppar som skal prioriterast i år etter kvart som snøen slepp taket.

Karta    

Snøfjellet

Datum:
25.06.2020
Turtyp:
Tur till fots
Avstånd:
9,4km

Somarens første tur i småsko blei lagt til Snøfjellet ovanfor Søyadalen, ein rett så fin topp skulle det vise seg. Inn forbi den idylliske Mellingsetra og Vassendsetra finn ein etter kvart skilt opp lia mot Snøfjellet og Trollhøtta, og opp hit går det ein fint og lettgått sti. Eit lite hinder var det derimot at det i forbindelse med skogsarbeid har blitt lagt ein slags veg bortover lia, som kan gjere det litt utfordrande å finne kor stien går vidare opp lia herifrå. Vi endte med å gå feil og følgje denne vegen til endes, men etter å da snu og gå tilbake lans vegen fekk vi etter kvart peila oss inn på stien og blå merking opp lia. Vel opp over tregrensa går ein ganske raskt av stien som fortsett inn mot Trollhøtta, og siktar seg inn på toppen av Snøfjellet. Framleis ein >>>

Karta