Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Bakkanosi

Date:
29.07.2018
Characteristic:
Hillwalk

Hadde høyrt om den fantastiske utsikta frå Bakkanosi og ned til Nærøyfjorden og fjella omkring. Såg på yr.no at meldingane var gode. Starta med å køyre frå Sogndal til Jordalen, leita litt etter startpunktet sidan skiltet var borte. Spurte ein bonde og fekk vite at eg kunne parkere på skulen og starte ved traktorvegen like ved. Traktorvegen var bratt og i varmen slukte den ein del krefter, i enden av vegen og etter omlag 300 høgdemeter kom me til ei sæter, dalen åpna seg og me tok ei lita drikkepause. Fortsette innover dalen der det var nokså flatt i nokre kilometer før me starta på bakkane opp mot slettedalstjørni. Her mista me stien når me passerte elva, den var ikkje merka og me fann den ikkje igjen før på tilbaketuren. Gikk difor på feil side av tjørni og feil heilt >>>

Map    

Hesteggi via Valebergstølen

Date:
22.07.2018

Parkerte ved Dei hebergske samlingar og følgde skogsvegen til Valebergstølen. Etter nokre hundremeter deler vegen seg der det er bom på begge vegar. Fortsett på vegen som går til høgre og følg den til enden. Det er tydeleg og fin sti vidare. Når me kom til ei myr var det skilta mot Hesteggi til høgre. Vi følgde denne stien heile vegen til topps. Undervegs passerte me Fagerlivatnet, der det var fin badetemperatur. Første gangen eg gjekk på Hesteggi denne vegen, då eg tidligare har gått stien frå Kjørnes. Det er mulig å kombinere desse turane som ein rundtur ved å følge stien frå museet opp og velge stien ned til Loftesnesfjellet på veg ned og halde fram på vegen i retning Kaupanger tilbake til museet.

Map