Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Skruven og Litleskruven

Dato:
09.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:39t
Distanse:
12,3km

Topptur saman med om lag 35 andre i regi av Stranda Turlag. Vi starta frå Rindalsstølen og gjekk raskt oppover Tverrdalen mot Russadalen. Vi fekk oss nokre regndråpar medan vi gjekk innover dalen og frykta det verste. Heldigvis passerte regnbygene sør-aust for og vest for oss! Etter ei matpause i lia over Russavatnet gjekk vi bratt opp langs ei renne og inn mot breen. I følge turleiarane var breen uvanleg liten, dei hadde faktisk ikkje sett breen så liten før. Det var difor ikkje tilrådeleg krysse breen. Vi runda difor breen på høgre sida (rett under Skruven ) før vi gjekk tilbake eit stykke og opp på ryggen mellom Litleskruven og Skruven . Etter ein tur innom Litleskruven nådde vi Skruven etter om lag fire timar.

Kart    

Tretindanibba

Dato:
01.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:53t
Distanse:
12,5km

Vi starta frå rasteplassen ved Eidsvatnet og gjekk bratt oppover mot ca 900 moh der det flata noko ut. Deretter i ur langs Oaldsvatnet. Vi rasta ved inste enden av vatnet før vi gav oss i kast med siste biten med ur før ryggen opp mot Tretindanibba Sør . Etter nokre kjappe bilete gjekk vi vidare over ryggen fram til Tretindanibba . Etter innskriving i boka rusla vi ned til eit utsiktspunkt litt vest for toppen. Der vanka det ei formidabel utsikt innover mot Hellesylt og utover mot Stranda. Vi kunne også sjå husa i Oaldsbygda. Returen gjekk ned same veg som vi kom opp.

Kart