Norddal: Storvasshornet og Mellomskorene (20.07.2014)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Relingsætra (550moh)
Sluttsted Relingsætra (550moh)
Turtype Fjelltur
Høydemeter 2000m
Kart
Bestigninger Storvasshornet (1664moh) 20.07.2014
Mellomskorene (1792moh) 21.07.2014

Endeleg Storvasshornet!

Dag 1: Relingsætra-Storvatnet-Litleøvstdalen-Storvasshornet-Litleøvstdalen

Hadde avslutta 5-dagerstur tidlegare på dag. Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter Berre 3 toppar igjen i den enorme Norddal-lista. Storvassornet, Mellomskorene og Smogehornet. Norddal: Vardeggja, pf 100m komplett! Tok ferga over fjorden og kjøyrde til Norddal og Relingsætra. Toppen som lokka på meg midt i dalen såg eg første gangen i 2001 under ein 10-dagers frå Billingen til Geiranger. Reinheimen/Tafjordfjella: Frå Billingen til Geiranger Denne elegante stilige toppen er Storvasshornet. Endeleg skulle vi stifte nærmare bekjendtskap. Kunne med letthet konka ut mange toppar i enhver kremtoppliste.

Dyrdalen, nok ei perle i Norddal kommune. Storvasshornet lokkar lengst inne
Dyrdalen, nok ei perle i Norddal kommune. Storvasshornet lokkar lengst inne

Frå Relingsætra er det god sti innover, merka til Storvatnet. Hadde pakka ekstremt lett i dagstursekken til overnatting. Lettare fjellsko gjorde og susen. På vegen møtte eg fleire folk, den eine karen kliss lik Finn Kalvik. Så lik at eg googla han når eg kom heim. Men det var nok berre ein veldig look-alike. Kl 1830 var eg ved Storvatnet. Dyrdalen er ei perle! Levande kulturlandskap med dyr på beite. Ved vatnet var det storliv. Ein familie med 6 ungar aula rundt, bading og full aktivitet. Tenk å eige noko slikt, for ei leikegrind for ungane! Foreldrene tipsa meg om telting i Litleøvstdalen. Gjekk langs vestsida av Storvatnet og opp til teltplass. Ruta til Storvasshornet såg hengebratt ut. Hadde eg ikkje vist at det var muleg hadde eg nesten ikkje trudd det kunne gå. 550 høgdemeter opp, og alt løyste seg veldig bra oppover. Eit lite skråparti for hakket på egga, men der var det gode muligheter for både sko og hender. Nokre få luftige meter over i hakket men ikkje vanskeleg. Tok meg god tid på toppen ca 2030 og ein halvtime utover. Rusla ned til teltet og tok kveld, spent på neste dag og Mellomskorene.

Teltleir i Litleøvstdalen. Ruta til Storvasshornet rett fram.
Teltleir i Litleøvstdalen. Ruta til Storvasshornet rett fram.
Selfie er populært. Her frå Storvasshornet mot Torvløysa og Kupenibba
Selfie er populært. Her frå Storvasshornet mot Torvløysa og Kupenibba

Dag 2: Litleøvstdalen-Storvatnet-Litlevatnet-Mellomskorene-Litlevatnet-Relingsætra

Mellomskoren blir omtalt som ein tung krevande alpin tur. Derfor overraska det meg at denne gjekk så lett. Frå Litlevatnet går det ein tydeleg rygg oppover. Fulgte denne heilt oppunder fjellet. Traverserte så til eg kom til snøfelta og gjekk over desse eit godt stykke. Etter snøfelta enkelt opp ei lang renne i delvis laust materiale. Ingen vanskar og det gjekk kjappt! 900 høgdemeter opp frå Litlevatnet. Fantastisk utsikt ned i Eidsdalen. Retur samme vei. Traff på den barnerike familien som var på veg heimover. Framme ved bilen på Relingsætra ca 1400.

Norddal 109/110. One to go. Smogehornet next! Norddal: Vardeggja, pf 100m komplett!

For ein vakker topp! Storvasshornet sett frå oppstigninga til Mellomskorene.
For ein vakker topp! Storvasshornet sett frå oppstigninga til Mellomskorene.
Frå Mellomskorene mot Eidsdal og Smogehornet.
Frå Mellomskorene mot Eidsdal og Smogehornet.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Storvasshornet

    Skrevet av Freeflex 28.09.2016 03:25

    Morfar som var førstebestigar og bygde varden her. Han bygde også varde ytterst på stupet av Heregga. Begge deler på slutten av 20-talet eller tidlig 30-tal. Har datoar nedskrive og er med bilder og meir detaljar i ei ny bygdabok.

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.