Treningstur Tindefjellet og Eikåsnipa (27.04.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Upsttunet-Eikås (204moh)
Sluttsted Upsttunet-Eikås (204moh)
Turtype Løpetur
Turlengde 3t 42min
Distanse 24,0km
Høydemeter 1709m
Kart
Bestigninger Eikåsnipa (826moh) 27.04.2014
Tindefjellet (1083moh) 27.04.2014

Endå ein fin dag å ta seg ein flott langtur og treningstur til fjells! snakke seg om å være priviligert :) Hadde tenkt å legge turen innom Kvamsfjellet, men for mykje snø til fots. Så valget vart Tindefjellet opp solsida ved Årset. Nokre snøfonner innemellom, men fine å kjøle seg ned på :) Utruleg varme dager no etter årstid, på ein gard undervegs forbi Årset, kunne bondekona fortelle om tre nye lamb som var komt til verden...fantastisk tid med irande grønne bøar, lauvsprett i skogen og kvite fjelltoppar :) Møtte ein gjeng med ungdommar som var på veg ned frå Gravsfjellet 851 moh like ved Tindefjellet! Kjekt å møte :) Ellers Tindefjellet for meg sjølv, tok tid til å nyte heimelaga knekkebrød og utsikta! vindstille på toppen. Fleire besøkande på toppen av Eikåsnipa idag!

Frå Tindefjellet 1083 moh mot vest og Storehesten
Frå Tindefjellet 1083 moh mot vest og Storehesten
Frå Tindefjellet 1083 moh mot Majestetiske Gjegnen 1670 moh i Bremanger kommune
Frå Tindefjellet 1083 moh mot Majestetiske Gjegnen 1670 moh i Bremanger kommune
Frå Eikåsnipa 826 moh og tilbake mot Tindefjellet 1083 moh
Frå Eikåsnipa 826 moh og tilbake mot Tindefjellet 1083 moh

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.