Tinderangling sør for Snertingdalen + Gjøviks byfjell (19.11.2013)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Turtype Fottur
Turlengde 5t 47min
Distanse 11,4km
Høydemeter 530m
GPS
Bestigninger Bergstoppen (434moh) 19.11.2013
Bjørgetoppen (504moh) 19.11.2013
Brennhaugen (565moh) 19.11.2013
Glæstadhøgda (615moh) 19.11.2013
Herbergshaugen (484moh) 19.11.2013

4 toppar sør for Snertingdalen stod først for tur. Eg trudde eg skulle bli første peakbookar på alle desse, men på Glæstadhøgda kom der to turgåarar meg to dagar i forkjøpet!

Glæstadhøgda: start frå Glæstad. Skogsveg i cirka 1,5 km, går fint med terrengsykkel her. Vidare opp langs noko som liknar på sti, traktorspor, og ingen sti.

Brennhaugen: avstart frå fylkesveg sør for Gubberud. Grusveg og køyrbar veg fram til jaktkoie, her går det fint med terrengsykkel. Vidare delvis sti oppover. Fin utsikt frå toppen i dei fleste retningar.

Herbergshaugen: start frå fylkesveg nær Kollsstugua. Vidare opp gjennom skogen på til dels brukbar sti.

Bjørgetoppen: start frå fylkesveg ca 1 km lenger aust. Langs traktorveg og så opp gjennom skogen til Bjørgetoppen. Til dels fin utsikt mot Nevelfjell, Natrudstilen m.m.

Bergstoppen: Gjøviks stolte byfjell (min antakelse). Gjekk om lag frå Eiktunet og kryssa over eit jorde på eit tidspunkt då det er lov å krysse dette (rimdekt eller snødekt). Gjekk vidare opp god turveg til toppen. Mykje folk på tur her, dagens utvilsomt mest attraktive topp blant "folk flest". Fin utsikt sørover mot Gjøvik og Mjøsa. Fekk med meg solnedgangen her før eg fann ut eg måtte avslutte dagen. Ein lang og fin dag, med ein tur som generelt kanskje er for spesielt interesserte.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.