Gravfjellet og Nebba (02.11.2013)

Skrevet av JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Turlengde 4t 50min
Distanse 19,8km
Høydemeter 1876m
GPS
Bestigninger Gravfjellet (1048moh) 02.11.2013
Gravfjellet N2 (983moh) 02.11.2013
Nordvest for Gravfjellet (974moh) 02.11.2013
Knollan (901moh) 02.11.2013
Nebba (1105moh) 02.11.2013
Andre besøkte PBE'er Breiviksetra (515moh) 02.11.2013

Start for turen var liten parkeringsplass ved Indre Breivika. Opp til Breidviksetra er det god, men ganske bratt sti, før terrenget vert lettare når ein kjem opp til Breidvikvatnet. Eg fulgte DNT-stien mot Måsvassbu, og passerte Ingridsetra før eg kryssa Ljøsåa. Rett før Såtskarvatnet forlot eg stien og gjekk rett mot Gravfjellet. No møtte eg 10-15 cm med snø, og med joggesko gjaldt det å vere forsiktig med skjulte steinar og hol. På toppen var det fin utsikt mot Smørbottfjellet og Kvasstinden i vest, og vidare utover fjorden og mot Molde. Vidare var det veldig fint å gå langs nordkanten av Gravfjellet og sjå ned mot diverse vatn og Slemmemyrane (som visstnok er største myra i fylket?). Turen opp til Nebba er enkel, og på grunn av kald vind vart det eit relativt kort toppopphald, før eg satte kurset tilbake mot Breidviksetra.
Vel heime hadde svigermor kome på besøk, og ho hadde med seg Verdens Beste (Kvæfjordkake), og det passa sjølvsagt veldig bra! :)

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.