Snøhetta (24.08.2013)
Skrevet av bergteken (Sunniva)
Bestigninger | Snøhetta (2286moh) | 24.08.2013 |
---|---|---|
Snøhetta Midttoppen (2278moh) | 24.08.2013 | |
Andre besøkte PBE'er | Snøheim (1474moh) | 24.08.2013 |
Allereie før studiestart hadde eg og Kristine fått nok av tilveret i byen. Då me såg at vêrmeldinga for helga var god, pakka me saman, kasta telt og fjellsko inn i bilen og la oss tidleg fredag kveld. Laurdag morgon kl 7 drog me til Hjerkinnhus og var innstilte på å ta buss til Snøheim 9:45. Me var ikkje dei einaste me desse planane, så me måtte pent vente i 45 minutt. Litt før 12 var me klare for avgang. Strålande haustsol, frisk luft og mild temperatur. Teltet slo me opp ved Istjørni. Utruleg flott stad. Tida gjekk, som ho plar gjere. For fyrste gong på eit par veker hadde me ingenting me måtte rekke, så klokka vart nærare to før me tusla oppover mot hovedtoppen. Dei fleste var no på veg ned att; det var ein uendeleg straum av fargerike allvêrsjakker. Etter eit par timar var me ved varden, men me gjekk kjapt vidare. Vekk frå folkehavet og bort til Midttoppen. Her var me åleine. Det var vindstille og sola steikte. Herleg. God, lang rast. Rundt fem gjekk me ned att, i fin eftassol. Middagen smakte godt og bakken verka ekstra mjuk like etterpå.
Sundag hadde me hatt hug til å freiste oss på Vesttoppen, men me hadde rett og slett for lite mat med oss til at det eigentleg var forsvarleg. Nistepakkane åt me nemleg opp på Midttoppen. Det vert visst ikkje for mykje brød når ein skal på tur. Difor vart det ein roleg morgon ved teltet før retur og buss 15:30.
Takk for ei fantastisk helg!
Kommentarer