Hammarsnibba (31.05.2026)
Skrevet av ddmbeast (David Dagestad Myklebust)
| Bestigninger | Hammarsnibba Sør (1612moh) | 31.05.2026 |
|---|---|---|
| Hammarsnibba nord (1608moh) | 31.05.2026 | |
| Andre besøkte PBE'er | Holesætra p-plass (680moh) | 31.05.2026 |
Denne søndagen hadde vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) pressa på for å få signere den etter kvart så sagnomsuste Hamamrsnibba Sør. Vi parkerte ved Holesætra, men etter tips frå ein lokal helt, gjekk vi over til Bjørdalssætra og fylgde ein god sti på sørsida av Holedalsvatnet. Rundt "Hammaren" og like etter nokre små sel ved vatnet, tok vi av frå stien og sikta oss oppover mot ryggen. Grei skuring oppover og etterkvart kunne vi ta på skia, med flott utsikt i dei fleste retningar.
Ryggen er brei og fin, men bratt nedover på nordsida, noko som gjorde at det vart litt på og av med ski for å halde seg mest mogleg oppe på ryggen. Vidare greit å gå opp til Hammarsnibba Nord og vidare til Hammarsnibba Sør. Fin utsikt på toppen!
Etter litt om og men landa vi på å køyre ned i retning Nautbrevatnet. Fin nedkøyring her! Vidare frå vatnet såg terrenget litt guffent ut med mykje berg, men vi passerte punkt 1194 og fann ein fin veg på ski ned mot Hestebreelvane. Etterkvart god sti tilbake til bilen.


Kommentarer