Søndre Folgefonna (10.05.2025)
Skrevet av ArilT (Aril Torheim)
| Startsted | Bondhusvatnet parkering (41moh) |
|---|---|
| Sluttsted | Bondhusvatnet parkering (41moh) |
| Turtype | Fjellskitur |
| Turlengde | 30t 34min |
| Distanse | 42,0km |
| Høydemeter | 2074m |
| GPS |
|
| Bestigninger | Punkt på Søndre Folgefonna (1645moh) | 10.05.2025 12:00 |
|---|---|---|
| Punkt på Søndre Folgefonna (1638moh) | 10.05.2025 12:00 | |
| Fonnanuten (1454moh) | 10.05.2025 12:00 | |
| Andre besøkte PBE'er | Bondhusdalen p-plass (60moh) | 10.05.2025 12:00 |
| Breidablikk (1322moh) | 10.05.2025 12:00 | |
| Fonnabu (1450moh) | 10.05.2025 12:00 | |
| Gardshammar (745moh) | 10.05.2025 12:00 |
Søndre Folgefonna
Kommunetoppane i Kvinnherad og Etne
Kommunetoppane på Søndre Folgefonna har lenge stått der som eit mål. Dei fleste kommunetoppar vi har vert på har vi kunne tatt på sparket når vêret har vert bra. Denne turen derimot krever litt meir planlegging og timing for vår del!
For det første burde kalenderen vise rundt mai månad. Då har ofte snøven smelta eit godt stykke opp slik at ein kan ta seg opp den bratte stigninga til Gardshammerstølen med skia på sekken. Samtidig er det eit tjukt lagt med snø på breen på denne årstida, noko som gjer skituren på breen mest mulig trygg.
For det andre må det være bra vêr på ein laurdag og ein søndag for at vi skulle kunne ta turen.
For det tredje måtte vi få booka sengeplassar på Fonnabu.
Med desse faktorane tatt i betraktning var dette ein vårtur som skulle prioriterast dersom anledninga baud seg medan vi enda budde i Bergen, og det endå berre var oss to.
Den første helga i mai var det meldt fint vêr, men frisk bris med liten kuling i kasta frå nord. Vi tok heller turen til Gullfjellet, og prisa oss lykkelig for at vi ikkje var på Folgefonna når vi kika bort i bitande sur nordavind.
Når det nærma seg den andre helga i mai viste meldingane at det også då skulle bli fint vêr, men utan nordavind. Vi bestemte oss derfor for å ta turen denne helga og fekk booka to sengeplassar på loftet på Fonnabu.
På parkeringa ved Bondhus fekk vi ein del rare blikk av folk som skulle til Bondhusvatnet i det vi sto å pakka skia på sekken. "De ekkje snø her!" var det en som flirte. Eit par spurte oss kor vi skulle og sa at det høyrdest rått ut når vi fortalte at vi skulle til toppen av breen.
Dei to første kilometerane gjekk langs den populære vegen til Bondhusvatnet, men straks vi forlot vegen vart det mindre folksamt.
Sola steikte, og Tonje som hadde vore lur og pakka med shorts, bytte til denne straks vi starta på svingane opp mot Gardshammarstølen. Eg derimot måtte svette meg gjennom dagen i skibuksa mi. Vi brukte 2 timar på dei 700 høgdemeterane opp til Gardshammarstølen, noke vi var fornøgde med tatt dei tunge sekkane med ski og breutstyr i betraktning.
Ved Botnavatnet vart det kvar sin porsjon med real turmat til lunsj.
Vi hadde håpa å møte snøven ovanfor Botnavatnet, men den lot vente på seg.
Ved Øyrmerkevatnet kunne vi endelig spenne på oss skia. Vi hadde no bore skia over 1200 høgdemeter. Ny rekord!
Vi tok turen innom Breidablikk og Fonnanuten før vi ankom Fonnabu ca. 18:15.
På hytta var det ei gruppe som hadde gått over breen frå Svartedalsvatnet, og tre Nederledarar som vi allerede hadde møtt på tur opp. Nederlendarane hadde gått opp til fots.
I løpet av kvelden tok eg ein avstikker bort for å kike på breen rett nord for hytta. Breen endar her i eit imponerande stup på nokre titals meter. Ikkje noko ein ønsker å gå seg på ved dårlig sikt!
Ellers fekk vi med oss ein vakker raudglødande solnedgang. Eg var også så heldig å få med meg soloppgangen når eg var ute å slo lens litt over klokka fem.
Søndagen vakna vi til nesten skyfri himmel. Etter frukost og utvask spann vi på oss skia og satte i veg mot breen. Lettaste adkomst er å følge den ryggen som Fonnabu ligg på mot sør. Adkomsten var litt kupert, og vi måtte av og på med skia eit par plassar og klyve ned ein liten knaus. Sjølve påstigninga til breen gikk i flukt med terrenget og var uproblematisk.
Etter at vi hadde entra breen peila vi oss inn rett mot toppunktet på Folgefonna. Det var dryge to kilometer og 200 høgdemeter i slak stigning opp dit.
Ein miste fort følelsen av kva som er slakt oppover eller nedover og kva som er flatt oppe i dette terrenget, då alt rundt deg er kvitt. I det GPS'en viste at vi nærma oss toppunktet steig skydottane i aust opp frå brehorisonten som la seg, og Hardangervidda tredde fram. Heilt rått!
Frå her såg det ut som at vi kunne gå vidare over til Hardangervidda med Hårteigen midt på og Hardangerjøkulen i nord, men vi visste sjølvsagt at mellom oss og dei låg Sørfjorden med stupbratte fjellsider.
Bak oss kunne vi sjå tilbake mot Rosendalsalpane som no såg ut som små knausar långt der nede.
Neste etappe besto i å ta seg over til det høgste punktet i Etne kommune. Dette ligg på kommunegrensa mellom Etne, Kvinnherad og Ullensvang, rett sør for Brefallet ned til Bondhusdalen. Dit var det 6 km i luftlinje.
Vi staka ut kursen med GPS og satte i veg. Tonje skrudde etterkvart på musikk på mobilen sin for å få tida til å gå der vi gjekk i 90 minutt "rett fram".
Heilt magisk å lange avgårde i steikande sol her oppe på det langstrakte kvite platået.
Etter å ha stempla inn på Etne sitt høgste punkt snudde vi skituppane 180 grader og gjekk tilbake mot Fonnabu. Vi tok no av kortfellane. Det burde vi gjort før! Det var mykje meir å hente på gliden vi fekk uten fella, enn det vi vann på fråsparket med fellar.
Vi følgde spora våre tilbake ca. 4 km før vi peila oss inn mot punktet vi hadde komt på breen. Her var det nedoverbakke med fin glid, og vi fekk satt nokre svingar i god fart.
Tilbake ved Fonnabu vart det ei kort lunsjpause i solsteiken før vi rann vidare.
På 1200 meters kvoten måtte skia på sekken igjen før vi tok til på utmarsjen ned Keiserstien.
Vi lurte på å ta turen bortom Bondhusvatnet på returen men prioriterte å rekke ferga slik at vi kunne rekke takeaway frå iSushi.
Ei veke etter turen fann Tonje ut at vi skulle bli til ein familie på tre. Perfekt timing at vi hadde fått gjennomført denne turen før familieforøkelse, ellers hadde det nok blitt mange år til neste gang muligheten baud seg.
Neste tur til området får bli trilletur til Bondhusvatnet!
Takk for fantastisk tur som går rett i minneboka!
| Starttidspunkt | 10.05.2025 12:01 (UTC+01:00 ST) |
| Sluttidspunkt | 11.05.2025 18:35 (UTC+01:00 ST) |
| Totaltid | 30t 34min |
| Bevegelsestid | 30t 34min |
| Pausetid | 0t 0min |
| Snittfart totalt | 1,4km/t |
| Snittfart bevegelsestid | 1,4km/t |
| Distanse | 42,0km |
| Høydemeter | 2074m |














































Kommentarer