Digeråsen og Gausdalsberget (24.02.2026)

Skrevet av mariusmeland (Marius Meland) GSM

Startsted Åsavarpet (879moh)
Sluttsted Åsavarpet (879moh)
Turtype Fjellskitur
Distanse 8,5km
Høydemeter 256m
GPS
Bestigninger Digeråsen (1004moh) 24.02.2026 11:04
Gausdalsberget (971moh) 24.02.2026 12:36

Tenkte no å begynne meir systematisk på Sør-Fron > 50 m pf-lista.

Første topp i dag var Digeråsen. Ein forholdsvis lett tilgjengeleg topp der delar kunne gåast i skisporet. Det var endå meir pudder enn eg trudde. Fint å renne i, men krevde ein del helling berre for å få litt fart. Fin utsikt frå toppen.

Neste topp var Gausdalsberget. Her var snøen endå mjukare, men delar av turen gjekk opp i skuterspor. Siste stigninga mot toppen var ein jungeltur i tett buskas og djup snø. Toppen er nok ikkje best eigna til vinterbruk, og den er vel kanskje mest for spesielt interesserte :)

På veg opp i oppkøyrde løyper mot Åsen.
På veg opp i oppkøyrde løyper mot Åsen.
På toppen av Digeråsen.
På toppen av Digeråsen.
På toppen av Digeråsen, med tilbakeblikk mot mitt nylaga skispor.
På toppen av Digeråsen, med tilbakeblikk mot mitt nylaga skispor.
På toppen av Digeråsen. Eg trur eg ser mot Gråkampen og Prestkampen.
På toppen av Digeråsen. Eg trur eg ser mot Gråkampen og Prestkampen.
På toppen av jungeltoppen Gausdalsberget.
På toppen av jungeltoppen Gausdalsberget.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.